IPS
Individuell pensjonssparing (IPS) er sparing i fond der du får utsatt skatt for pengene du set inn. Velg sjølv om du vil ha fast spareavtale eller sette inn når det passar deg. Du kan ikkje ta ut pengene før du blir 62 år. Me tilbyr IPS gjennom Nordea.
Fakta om IPS
- Du kan spare inntil 15 000,- kr. i året
- Du får få inntil kr. 3.300 i årleg skattefordel (22 % av sparebeløpet)
- Utbetalinga blir skatta med same sats som frådraget
- Du kan ha fast spareavtale eller sette inn når du ønsker
Ting folk lurer på om IPS
Kva er IPS-Individuell pensjonssparing?
IPS er pensjonssparing med ein skattefordel. Det betyr at du får 22 % av det du sparar i lågare skatt for det året du sparar.
Kor mykje kan eg spara i IPS årleg?
Du kan spara opp til kr. 15.000,- i året. Du kan sette inn eingongsbeløp eller opprette ein månadleg spareavtale.
Kven passar IPS for?
IPS – Individuell pensjonssparing passar i utgangspunktet alle med skattbar inntekt som ønsker å spare til pensjon. Men – du må vera komfortabel med at pengene bindes fram til pensjonsuttak (tidlegast ved fylte 62 år). Dette kan vera uproblematisk for dei som er etablerte og har god oversikt over økonomien. For yngre personar i etableringsfasen kan det vera lurt å fylle opp BSU-kontoen først.
Kva er det som gjer IPS lønnsomt, samanlikna med vanleg fondssparing?
Skattefordelen i IPS gir deg lågare skatt (opp til kr 8 800,00) kvart år du sparar, og er i praksis eit gratis lån fra staten fram til du startar utbetalinga fra IPS-kontoen. Dette er penger du kan få avkastning på i mange år fram til pensjonsalder. For øvrig kan IPS-pengene ved død brukast til å sikre pensjon til etterlatte.
Kva er skattereglane for IPS?
Det er ikkje formuesskatt på IPS-sparinga. Det er 22,00 % skatt på uttak av IPS-penger.