Kjempekos med dei yngste kundane våre!
Stor stas for alle små og store som var med på vår Sparebøssedag!
Tømming av sparegrisen, sparepremie, ansiktsmaling, kakemenn, pølser og juice stod på programmet.
Me hadde med oss speidarane som fyrte opp i bålpanna og delte ut pølser utforbi. Me fekk lys på julegranene våre og stjerner i vindauga, så det blei flott julestemning.
Tusen takk til alle som kom! 🙂