Nye EU-krav for betaling med kort på nett
Kva er kravet?
Fra 1.1.2021 er det strengare reglar for betaling på nett. Det gjeld i tradisjonelle nettbutikkar og betalingar via appar. Meininga med lovendringa er å minske risikoen for svindel ved at kundane oftare skal autentisere seg (bevise identiteten sin) når ein handlar med kort på nett eller i app.
Kva betyr det for meg som kunde?
I praksis betyr det at du oftare enn før må bruke BankID eller nettbankpassord og kode ved betaling. Du kan også oppleve at betalinga di blir avvist dersom brukarstaden (butikk/app) ikkje oppfyller krava.
Kva skal eg gjera dersom betalinga blir avvist?
Dersom du opplever å få betalinga avvist, ta kontakt med nettbutikk/app for å melde i fra om avvisninga. Det er nettbutikken som må gjera endringar på si side, banken får ikkje endra innstillingar på kortet ditt for å få betalinga godkjent.