For oss har Vipps vore gull verdt!
I blomsterbutikken Søstrene Lye, midt i Etne sentrum, treff me Marlene og Kari Janne. Me tar ein liten prat om korleis tida med korona har vore for dei, og om det å ta i bruk Vipps.
Starta med Vipps i mars 2020
Det var då koronaviruset gjorde sitt inntog i Norge for eit år sidan at Vipps blei veldig aktuelt å ta i bruk, seier Kari Janne.
Kundene kunne då betale på førehand, me kjørte varene ut, eller sette dei utforbi butikken og dei blei henta. For oss blei då Vipps gull verdt.
Det siste året har endra ein del i måten å drive butikk på. Sosiale media er blitt viktig for salget.
Me kjenner stadig på at me er små og sårbare, bekymringa for å bli sjuk av korona er noko me ofte har i tankane sidan me er så få tilsette.
Men det som har vore bra er at me merkar at folk er veldig positive til og støttar opp om nærbutikkane. Folk handlar lokalt.
Endra kundeadferd
Kundene kjøper i større grad varene våre via nett/ mobil nå enn før. Dette har ført til at me må tenke nytt når det gjeld markedsføring. Me har kontinuerlig oppdateringar på Instagram og Facebook om nye varer og tilbud. Der har me og live streaming med temakveldar tilpassa årstida. Me får då inn mange spørsmål og bestillingar på melding. Her må me prøve å svare raskt og gjera klar varene som ofte blir betalte med Vipps og kjapt henta eller kjørt ut. Dette brukar me ein del tid på. Samtidig slepp me å sende ut så mange fakturaer og å følge opp det.
Kundene veit ofte kva vare dei skal ha før dei kjem inn i butikken, sidan dei har sett den på f.eks. Instagram.
Dei fleste har Vipps
Vipps blir brukt av alle typar kunder, seier Marlene. Me har inntrykk av at både gamle, unge, damer og menn har lasta ned Vipps på mobilen sin. Sjølvsagt er det nokon som velger å få tilsendt faktura når dei bestiller varer, og det får dei.
Me meiner at Vipps gir ein rask og trygg handel, avsluttar Marlene.
Etne Sparebank ønsker dei flinke og kjekke damene i Søstrene Lye lykke til med vidare drift!
Me heiar på alle dei lokale bedriftene i området vårt!