Gå til sideinnhold
Etne Sparebank vår

Snart slår Etne Sparebank og Sparebanken Vest seg saman

I løpet av hausten slår Etne Sparebank seg saman med Sparebanken Vest. Det betyr at alle kundar vert Sparebanken Vest-kundar.


Først må Finanstilsynet godkjenne samanslåinga. Når det har skjedd, vil arbeidet med å overføre kundar kunne starte. Denne datoen har me ikkje enno, men me ventar at det skjer i løpet av dei neste vekene.

På kva måte vil du som er kunde merka overgangen? 

Enn så lenge vil du ikkje merke noko. Når samanslåinga er eit faktum, vil me ta kontakt med deg og sørge for at du får god informasjon om prosessen vidare.

Du vil også etter samanslåinga ha tilgang til den same rådgjevaren som du kjenner frå før.

Banken vil også i framtida vere å finne i dei same lokala der Etne Sparebank held til i dag, der det er signert ei ny langsiktig leigeavtale.

Me ser fram til å ynskje deg velkomen som Sparebanken Vest-kunde!


Helsing oss i Etne Sparebank