BankID
BankID er din personlege og elektroniske signatur. Du kan bruke BankID i alle norske nettbankar og på ei rekkje offentlege tenester som Altinn, NAV og Skatteetaten. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur på papir.
Med BankID kan du alltid gjera rede for kven du er. Når du skal signere kjøpekontrakt, legge inn bud på bustad eller signere ein bindande avtale, treng du ikkje møte personleg eller å sende dokumenta i posten.
For å få BankID må du ha legitimert deg med pass hos oss. Du brukar kodebrikka som du allereie har til nettbanken din. Denne kan du bytte ut med eit digitalt alternativ, BankID app.
Husk å ta vare på kodebrikka di om du treng å fornye din digitale BankID!
Sikker bruk av BankID
- Del aldri BankID passordet med nokon.
- Bruk eit heil unikt passord som du ikkje har andre stader.
- Bytt passordet om du trur andre har fått tilgang til det.
- Mistenkjer du ID-tjuveri kan du ringe sperretenesta
21 49 23 88 eller kontakte oss. - Datatilsynet- Råd ved id-tjuveri
Policy
Her kan du lese Policy for BankID og betingelsar: