BankID på mobil
BankID på mobil skal fases ut, i løpet av hausten 2022 vil det ikkje vera mulig å bestille ny BankID på mobil. Me anbefaler at du heller laster ned BankID-appen.
Med BankID på mobil treng du ikkje kodebrikke når du skal logge deg på nettbanken eller andre offentlege nettstadar. Løysinga er enkel, sikker og fleksibel, og kan og brukast til å aktivere mobilbanken og til netthandel.
BankID på mobil er kobla opp mot SIM-kortet ditt
BankID på mobil er ikkje ein eigen app. Når du aktiverer tenesta i nettbanken, vert det lagt inn ein sikkerheitsmekanisme i SIM-kortet på telefonen din. Når du loggar på med BankID på mobil, vil nettbanken kommunisere med SIM-kortet i telefonen din. Merk at nokre telefonoperatørar tek betalt for kvar pålogging. Dersom du skal ha nytt SIM-kort hos same eller annan telefonleverandør må du bestille tenesta på nytt. Finn du ikkje kodebrikka di? Send oss ein pålogga (i nettbanken) e-post så får du ei ny i posten.
Husk å ta vare på kodebrikka di dersom du treng å fornye din digitale BankID!
Sikker bruk av BankID
- Del aldri BankID passordet med nokon.
- Bruk eit heil unikt passord som du ikkje har andre stader.
- Bytt passordet om du trur andre har fått tilgang til det.
- Mistenkjer du ID-tjuveri kan du ringe sperretenesta
21 49 23 88 eller kontakte oss.