Gå til sideinnhold

For deg som driv lag og forening

DSC_6828

Som lokal sparebank er me interessert i å hjelpa til med det me kan for at det skal bli enklare å drive eit lag. Det kan vera greit å begynne med ein brukskonto og kanskje ein sparekonto.

Slik opprettar du konto

For at laget kan få konto må du søke om organisasjonsnummer i Brønnøysundregistrene. Du må ha ein dokumentasjon fra dei om kven som har signaturrett. For å kunne disponere kontoen må ein vera privatkunde i banken. Kontoen knytes til disponenten sin nettbank. Der har ein full oversikt over ut og innbetalingar, bilaga ligg under Arkiv

Endre disponent

Når eit nytt medlem skal disponere lagskontoen, må han/ho vere kunde i banken. Me sender ut ein avtale som du signerer med BankID. Då må både den nye disponenten og den som har signaturrett for laget signere. Dersom ingen er oppgitt med signaturrett i Brønnøysundregistera, må alle i styret signere. Sørg derfor for å ha oppdaterte opplysningar i Brønnøysundregistrene.

Kontanthåndtering

Som kunde i Etne Sparebank kan du både sette inn og ta ut kontantar, både sedlar og mynt.
Det kan vera smart å knyte eit bankkort til kontoen.

Søk om gåver

DSC_6842

Dersom du treng støtte til eit prosjekt mange kan ha glede av er du velkommen til å søke midlar gjennom vårt gavefond Spira.