Gå til sideinnhold

Driftskreditt

Driftskreditt er ein kreditt som er tilpassa sjølvstendig næringsdrivande i landbruket. Kreditten skal eigne seg til kortsiktige likviditetsbehov for produsent.

Fossa-Etne

Fleksibel finansieringsform.

Fungerar som ein buffer når dei løpande inntektene i periodar er for små i forhold til dei løpende utgiftene.

Betalar kun rente for den del av kreditten som er nytta. Rentene vert belasta kontoen etterskotsvis kvart kvartal.

Direkte overføring av oppgjer frå produsent. Ordninga for driftskreditt er knytta til produsentoppgjer frå lag og bedrifter. Driftskredittordninga består av at me yter kreditt og at oppgjer frå dei som er med i ordninga vert overført direkte til gardbrukaren sin driftskonto med driftskreditt.

Kredittgrensa er styrt av leveransen. Grunnlaget for kreditten er dei samla årlege oppgjera, irekna meirverdiavgift. Dersom leveransane går ned eller du vel å levera til bedrifter utanfor ordninga, pliktar me å redusera kredittgrensa slik at denne er i høve til kredittgrunnlaget.

Etne Sparebank er med i samvirke- og privatordninga for driftskreditt til landbruket.