Gå til sideinnhold

Signering av dokument

Har du dokumenter som må signerast kan du logge deg inn via signeringsportalen vår. Du loggar inn med BankID

Kunderådgjevaren din får melding når du har signert avtaledokumenta, slik at prosessen går vidare automatisk.

Signering på vegne av ei bedrift

Når banken sender dokument som gjeld bedrift til elektronisk signering, sendes dei til dei som står med signaturrett i firmaattesten. Heile styret har alltid signaturrett i fellesskap dersom det ikkje er bestemt noko anna i vedtektene. Dersom de ikkje ønsker at alle styremedlem skal signere kvar gong, må de melde endring av signaturrett inn til Brønnøysundsregistera. Når du signerer for selskapet gjer du det på akkurat same måte som elles; logger på signeringsportalen med den personlege BankID-en din.

Dette lurer du kanskje på

Kvifor må heile styret i eit selskap signere på avtalar?

Dersom ein ikkje har spesifisert signaturrett i firmaattesten, må alle avtaledokument banken sender ut signerast av heile styret. Om ein ønsker å endre på dette, må ein melde inn signaturrett til Brønnøysundregistera.

Kvifor har eg problem med å åpne dokumenta som skal signeres?

For å kunne lese eit PDF-dokument må ein ha installert Adobe Reader på datamaskina. Du kan laste ned gratisversjonen av Adobe Reader fra heimesida til Adobe.

Kva for ei kodebrikke skal eg bruke når eg skal signere på vegne av bedrifta mi?

Avtaledokument for bedrifter sendes ut for elektronisk signering til dei som står med signaturrett i firmaattesten i Brønnøysundregistera. Den med signaturrett signerer personleg for selskapet. Du brukar då din personlege BankID for signering.