Avtalegiro
AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av dine faste rekningar. Det vil sei at banken sørger for at rekningane blir betalt direkte fra din konto på forfallsdato.
Vanskeleg å huske rekningane dine? Bruk AvtaleGiro, så går det av seg sjølv!
Smart
Sidan rekningane alltid blir betalt i tide unngår du purringar og gebyrer.
Enkelt
Banken sørger for at rekningane blir betalt automatisk på forfallsdato.
Fleksibelt
Du kan enkelt endre eller stoppe ei betaling i nettbanken eller ved å kontakte banken.
Slik opprettar du AvtaleGiro
- Betal rekninga på vanleg måte i nettbanken. Når du har stadfesta betalinga, vil du få opp tilbod om å oprette AvtaleGiro dersom mottakaren tilbyr dette.
- Dersom du vel å ikkje opprette AvtaleGiro når du betalar rekninga, kan du når som helst gå inn på «Forslag til betalingsavtalar» i nettbanken og opprette avtalen der.
- Du kan også søke etter mottakaren i nettbanken, og opprette avtalen manuelt. Du vil då måtte legge inn KID-nummeret som du finn på papirfakturaen frå mottakaren.
- Nokre betalingsmottakarar har også lagt til rette for å opprette AvtaleGiro direkte frå sine eigne nettsider. For å opprette AvtaleGiro på denne måten må du ha BankID.
- Viss du ikkje har nettbank tar du med deg rekninga i banken, så opprettar me avtalen for deg.
Det kan ta ei stund før avtalen er aktiv, og eventuelle rekningar du mottek i posten i mellomtida må betalast som normalt.
Kombiner AvtaleGiro med eFaktura
AvtaleGiro kan også kombinerast med eFaktura Du får då fakturagrunnlaget elektronisk i nettbanken din, medan sjølve betalinga vert utført automatisk på forfallsdato som ein AvtaleGiro.