Gå til sideinnhold

Spørsmål og svar om Google Pay

Kva kostar det å bruke Google Pay?

Det kostar ingenting å bruke Google Pay.

Kva kort frå Etne Sparebank kan eg legge inn på Google Pay?

Du kan legge til Visa Classic og Visa Online m/netthandel.

Er det nokon aldersgrense for bruk av Google Pay?

Google har sett ei nedre aldersgrense på 16 år.

Kor sikkert er det å bruke Google Pay?

Når du betaler med Google Pay må telefonen bli låst opp med fingeravtrykk, ansiktsgjenkjenning eller personleg kode. I tillegg nyttar ein eit token i staden for kortnummeret ditt. Tokenet erstattar tradisjonelle kortdetaljar slik at betaling kan bli gjennomført utan at kortnummer, utløpsdato og CVV2-kode blir overført fra enhet til betalingsterminal. Tokenisering beskyttar med andre ord kortdetaljane dine og er ein ekstra sikkerhet.

Når du brukar kortet ditt til mobilbetaling er du omfatta av dei same garantiar og sikkerhetsfunksjonar som når du brukar kortet vanleg i butikk eller på nett.

Eg har ein ukjent transaksjon i Google Pay, kva gjer eg?

Sperr kortet ditt i mobilbank eller nettbank, og kontakt Visa reklamasjon

Kva gjer eg om eg mister ein enhet som har Google Pay aktivert?

Me anbefaler at du alltid sikrar dine enheter med ein kode. Dette vil minske sannsynligheten til at din Google Pay kan bli misbrukt.

Sperr ditt digitale bankkort som er aktivert i Google Pay, dette kan du gjera anten i nettbank eller ved å kontakte kundesenteret på telefon 53 77 15 00.

Du kan og gå inn på Android Device Manager, for å finne enheten din, låse den eller slette enheten.