Gå til sideinnhold

Spørsmål og svar om Garmin Pay/ FitBit Pay

Eg har ein ukjent transaksjon på klokkebetaling, kva gjer eg?

Me anbefaler at du sperrer kortet ditt i nettbanken din eller tar kontakt med Visa reklamasjon.

Eg har mista smartklokka mi, kva gjer eg?

Me anbefaler deg å sperre kortet ditt, anten i nettbanken/mobilbanken, eller ringe kundesenteret på telefon 53 77 15 00.

Kor sikkert er det å bruke Garmin/ FitBit Pay?

Garmin Pay brukar eit digitalt kortnummer (ein token) for å identifisere betalingskort som du har lagt til i Garmin Connect. Tokenet blir kryptert og lagres sikkert i appen og på klokka. Det betyr at det vanlege kortnummeret ditt aldri blir lagra verken på mobilen din, i klokka eller på Garmins eigne servere. Kortnummeret deles aldri med betalingsstaden. Dette gir god sikkerhet for deg som brukar Garmin Pay og anna mobilbetaling.

All bruk av Garmin Pay må bli godkjent med PIN-kode viss du har tatt av deg klokka sidan forrige gang du tasta inn koden på klokka. Du blir beden om å taste PIN-koden innimellom, dette som ein ekstra sikkerhet.

Kostar det noko å bruke klokkebetaling?

Nei, det kostar ikkje noko å bruke Garmin Pay/ FitBit Pay

Kva kort frå Etne Sparebank kan eg legge inn på klokkebetaling?

Du kan legge inn Visa Classic og Visa Online m/netthandel.