Gå til sideinnhold

Ibankalkulator

Skal nokon sende deg pengar fra utlandet, så må du oppgi ditt IBAN-nummer og SWIFT/BIC til banken din. IBAN finn du på kontoutskrifta di eller du kan bruke IBAN-kalkulatoren under. Etne Sparebank sin SWIFT/BIC-kode er DNBANOKKXXX

IBAN-kalkulator

Ditt IBAN-nummer:

Du lurer kanskje på dette

Kva er IBAN og BIC/SWIFT?

IBAN (International Bank Account Number) er ein internasjonal standard for bankkontonummer.

BIC står for Bank Identifier Code og er ein kode som identifiserer ein bestemt bank. Dette blir og kalt SWIFT.

Har du mottatt ein faktura skal du både finne IBAN og BIC/SWIFT der. Eventuelt kan du ta kontakt med den du skal betale til.

Korleis finn eg mitt IBAN-nummer og banken sin BIC/SWIFT?

Du finner ditt eget IBAN-nummer på kontoutskrifta di eller ved hjelp av IBAN-kalkulatoren.

Banken si adresse er: Etne Sparebank, Sjoarvegen 3, 5590 Etne

Kor lang tid tar ei utanlandsbetaling?

Betaling til EU/EØS tar normalt 0 – 2 bankdagar.
Betaling til land utanfor EU/EØS tar normalt 1 – 6 bankdagar.
Til enkelte land kan overføring ta inntil 15 dagar.

Korleis aktiverer eg utanlandsbetaling?

Dersom det er ei stund sidan du har betalt til utlandet og tenesta er stengt, må du sende oss ei melding når du er innlogga i nettbanken så åpnar me den for deg.

Gi oss tilbakemelding