Gå til sideinnhold

Vipps for barn

Dei under 15 år treng:

  • Norsk bankkonto med kort i navnet til barnet
  • Nettbankavtale
  • Norsk mobiltelefonnummer
  • Begge foreldra må ha ein aktiv Vipps-profil
  • Begge foreldra må vera identifisert i Vipps med BankID eller BankID på mobil
illustrasjonsbilde_vipps2480_f1_jpg__720x400_q85_crop_subsampling-2_upscale

Foreldra kan aktivere Vipps for barn under 15 år

  1. Ha barnet sitt mobiltelefonnummer og bankkonto tilgjengeleg før du startar.
  2. Barnet lastar ned Vipps på sin telefon.
  3. Under Profil velger du Legg til barn. Den andre forelderen blir varsla per SMS om at du opprettar ein profil for eit barn.

For at barnet skal kunne sende pengar, må begge foreldra samtykke til dette. Dette gjer ein ved å huke av på La barnet ditt vippse andre under Profil.

Har du ansvar åleine for barnet ditt?

  1. Bestill bekreftelse på foreldreansvar hjå Skatteetaten. Bekreftelsen må vera nyere enn 12 månader.
  2. Last opp dokumentasjon hjå Vipps. Formatet må vera i PDF. Handsaminga tek inntil 3 virkedagar. Du får ein SMS når barnet kan laste ned Vipps og opprette profil på vanleg måte. Om barnet tidligare har hatt Vipps, må denne profilen slettast før ein kan lage ein ny.

Er du fosterforelder?

  1. Få bekreftelse på at du/dykk er fosterforeldre og informasjon om at du/dykk er økonomisk ansvarlege for barnet. For eksempel eit signert dokument fra barnevernet om at de kan opprette konto og Vipps til barnet. Dokumentet må innehalde personnummer på fosterbarn og -foreldre.
  2. Last opp dokumentasjon hjå Vipps. Formatet må vera i PDF. Handsaminga tar inntil 3 virkedagar. Du får ein SMS når barnet kan laste ned Vipps og opprette profil på vanleg måte. Om barnet tidligare har hatt Vipps, må denne profilen slettast før ein kan lage ny.

Bur den eine forelderen i utlandet?

  1. De treng ein underskreven fullmakt fra utenlansbuande forelder med personnumre på involverte (både på barnet det gjeld og den som gir fullmakt) om at kun den eine forelderen skal ha åleine foreldreansvar i Vipps-profilen til barnet/barna. I tillegg må de legge ved kopi av legitimasjon.
  2. Last opp dokumentasjon hjå Vipps. Formatet må vera i PDF. Handsaminga tar inntil 3 virkedagar. Du får en SMS når barnet kan laste ned Vipps og opprette profil på vanleg måte. Om barnet tidligare har hatt Vipps, må denne profilen slettast før ein kan lage en ny.

Fortsatt noko du lurer på?

Kontakt banken eller ring Vipps på 22 48 28 00

Spørsmål og svar om Vipps

» Her finn du personvern og vilkåra for Vipps.