Gå til sideinnhold

Gåver og sponsing

Etne Sparebank gjev kvart år ein del av overskotet attende til lokalsamfunnet, mellom anna gjennom sponsoravtalar og vårt gåvefond Spira. Me er glade for alle som bidreg til å gjera bygdene våre til ein god stad å bu. Det finst mange flotte eldsjeler som brukar utallige dugnadstimar på frivillig arbeid i lag og organisasjonar. Etne Sparebank ønsker å hjelpe til med økonomisk støtte.

Sidan det er ei pågåande samanslåing med Sparebanken Vest, er det der du nå kan sende søknad om støtte.

Spira

Alle veit at eit attraktivt fritidstilbod er svært viktig for alle bygder og lokalmiljø. Er du engasjert i lag, forening eller humanitære initiativ? Treng de midlar til større eller mindre prosjekt som mange vil ha gleda av? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja midlar i Spira! Spira – Etne Sparebank sitt gåvefond – er etablert nettopp for å bidra til finansiering.

Kven kan søkje?

Lag og foreningar som har sitt virke i Etne og Vindafjord kommune kan søkje om midlar til:

  • Aktivitetar/arrangement og utstyr.
  • Aktivitetar/arrangement som når ut til ei stor interessegruppe og er åpne for publikum.
  • Tiltak som aukar trivsel i nærmiljøet.
  • Tiltak for barn og unge.

Team Spira

Team Spira er Etne Sparebank sitt kultur- og idrettsstipend for ungdom. Med dette ønskjer me å stimulere lovande enkeltutøvarar i banken sitt kjerneområde, som har utmerka seg med gode ferdigheiter og prestasjonar. Med enkeltutøvar meinar me også den enkelte i lagidrettar.

Kven kan søkje?

Utøvarar innan kultur og idrett som er busette / oppvaksne, eller har markert seg særleg i banken sitt strategiske marknadsområde.

Utøvar må vera under 25 år for å kunne søkje stipendet.

Gåver til ålmennyttige føremål

Kvart år deler med ut ein del av overskotet til ålmennyttige føremål.

Kven kan søkje?

Lag og foreninger som har sitt virke i Etne og Vindafjord Kommune og har Etne Sparebank som sin bankforbindelse, kan søkje om midlar til:

  • Aktivitetar/arrangement, utstyr og/eller ordinær drift av laget/foreninga.
  • Aktivitetar/arrangement som når ut til ei stor interessegruppe og er åpne for publikum.
  • Tiltak som gjer det trivleg i nærmiljøet.
  • Tiltak for barn og unge vil bli prioritert.

Sponsing

Målsettinga med sponsorsamarbeidet er å auke kjennskapen til merkevara vår, samt å utvikle relasjonar til kundar og lokalsamfunn. Me ønsker å vera med å skape aktivitet og engasjement, samt inspirere og motivere eigne medarbeidarar.

Dei me vel å støtte må vera pådrivarar for trivsel og engasjement. I tillegg til å gi støtte til små lag, organisasjonar og prosjekt, vel me og ut nokon større og profilerte aktørar som me ønsker eit utvida og meir omfattande samarbeid med.

Bankens logo og nedlastingsmateriell