Gå til sideinnhold

Ålmennyttige gåver

Som sparebank gjev Etne Sparebank kvart år ein del av overskotet attende til bygda, mellom anna i form av gåver til ålmennyttige føremål.

Når du vel å vera kunde i din lokale sparebank, så bidreg du og til at banken kan hjelpe til med bulyst, trygge oppvekstmiljø og gode lokalsamfunn gjennom den årlege gåveutdelinga. Les meir om kva Sparebankforeningen skriv om dette.

Me er glade for alle som bidreg til å gjera bygdene våre til ein god stad å bu.
Det finst mange flotte eldsjeler som brukar utallige dugnadstimar på frivillig arbeid i lag og organisasjonar.

DSC_6828

Kven kan søkje?

Lag og foreningar som har sitt virke i Etne og Vindafjord Kommune og har Etne Sparebank som sin bankforbindelse, kan søkje om midlar til:

  • Aktivitetar/arrangement, utstyr og/eller ordinær drift av laget/foreninga.
  • Aktivitetar/arrangement som når ut til ei stor interessegruppe og er åpne for publikum.
  • Tiltak som fremmar trivsel i nærmiljøet.
  • Tiltak for barn og unge blir prioritert

Det er  generalforsamlinga i banken som tek ei avgjer om, og kor mykje som skal delast ut kvart år. Dette blir gjordt  i forbindelse med generalforsamlinga si behandling av banken sitt rekneskap.

  • Generalforsamlinga har normalt delegert behandlinga av innkomne søknadar til styret.
  • Lag og foreningar som har sitt virke i Etne og Vindafjord kommune vil bli prioritert.
  • Tildelt gåve blir sett inn på organisasjonen sin  konto i Etne Sparebank.
  • Lag og foreningar som har sponsor-/samarbeidsavtale med banken vil normalt ikkje bli tildelt gåvemidlar.
  • Landsdekkjande organisasjonar vil berre unntaksvis bli tildelt gåvemidlar.

Grunna pågåande samanslåing med Sparebanken Vest kan me ikkje ta imot gåvesøknadar enno. Nye fristar vil bli lyst ut seinare.