Gå til sideinnhold

Spira

Heilt sidan Etne Sparebank vart stifta i 1860 har banken sett av pengar til nyttige føremål for folk flest. Banken er opptatt av eit levande lokalsamfunn, og ønskjer å bidra til å oppretthalda dette. I 2017 oppretta banken eit eige gåvefond, Spira, for å kunne bidra enda meir.

Grunna pågåande samanslåing med Sparebanken Vest kan me ikkje ta imot gåvesøknadar enno. Nye fristar vil bli lyst ut seinare.

Kven kan søkje?

Lag og foreningar som har sitt virke i Etne og Vindafjord kommune kan søke om midlar til:

  • Aktivitetar/arrangement og utstyr.
  • Aktivitetar/arrangement som når ut til ei stor interessegruppe og er åpne for publikum.
  • Tiltak som aukar trivsel i nærmiljøet.
  • Tiltak for barn og unge.

Unntak

  • Støtta dekkjer ikkje drifts- og vedlikehaldsprosjekt.
  • Det vert ikkje delt ut gåver til kommunale/statlege institusjonar utan i heilt spesielle høve.
  • Lag og foreningar som har sponsor-/samarbeidsavtale med banken vil normalt ikkje få tildelt gavemidlar.
  • Landsdekkande organisasjonar vil berre unntaksvis bli tildelt gavemidlar.