Gå til sideinnhold

Informasjonskapslar

I samsvar med «Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven)» §2-7b, er banken pålagd å informera om kva informasjonskapslar (cookies) som vert nytta på banken sine nettsider og tenester.

Lagring av opplysningar, og handtering av desse opplysningane er ikkje tillate med mindre brukaren er informert om, og har gitt samtykke til, kva opplysningar som vert samla inn, kva føremålet med innsamlinga er, og kven som samlar inn opplysningane.

Banken er forplikta til å handtera personopplysningar på ein sikker måte. Personopplysningslova, og konsesjonen frå Datatilsynet regulerer korleis banken skal handtera desse opplysningane.

Korleis unngå informasjonskapslar?

Dersom du ikkje vil akseptera vår bruk av informasjonskapslar (cookies), kan du gå inn og trekkja tilbake ditt samtykke ved å endra innstillingane i nettlesaren, slik at du anten blokkerer informasjonskapslar frå å verta lasta ned automatisk, eller at du får eit val om å lasta ned kvar enkelt informasjonskapsel. Informasjonskapslar som har vorte lasta ned tidligare kan også slettast av nettlesaren.

Me gjer merksam på at dersom du vel å blokkera informasjonskapslar, kan dette medføra at enkelte tenester på våre nettsider ikkje fungerer optimalt, eller at du ikkje får tilgang til alle deler av nettstaden vår.

Google Analytics
Informasjonskapslar (cookies) frå Google Analytics vert nytta for å gi informasjon om korleis besøkjande brukar nettstaden, og vert nytta av banken for å betra brukaropplevinga. Inneheld ingen personlege opplysningar, og vert nytta til webanalyse. Her er det besøk og navigasjon på nettstaden som vert spora. Google Analytics vert kun nytta på nettsidene og ikkje i innlogga nettbank.

_ga
Vert lagra i 26 månader

_gat
Vert lagra i 10 minuttar

_gid
Vert lagra i 24 timar
Facebook pixel
Banken nyttar Facebooks re-targeting/pixel, for å utføra statistiske analysar og profilering i samband med marknadsføring.
Facebook bruk
Når du brukar Facebook sine tenester, gjeld deira informasjonskapslar. Du kan lesa meir om desse informasjonskapslane her: https://www.facebook.com/about/privacy.

På nokre av våre nettsider kan du lenkja til/bruka Like-knappen på Facebook, Twitter og LinkedIn. Ver merksam på at viss du gjer det, vil Facebook, Twitter og/eller LinkedIn motta tekniske data om nettlesaren din, IP-adressa og sidene du besøkjer.
Nettsider
Kalkulatorar
Nettsidene våre nyttar kalkulatorar frå Brage Finans. Desse nyttar analyseverktøya Hotjar og Google Analytics for analyseføremål og forbetring av kundeopplevinga.

_ga
Vert lagra i 38 månader

_gat_UA-<nummer>
Vert lagra i 10 minuttar

_gid
Vet lagra i 24 timar

_hjlncludedlnSample
Fortel Hotjar om eit besøk er inkludert i utvalet som vert nytta til å lage flyt-rapportar.
Nettbank
__adsTool_sessionId
Vert nytta i samband med våre interne marknadsføringskampanjar. Vert lagra i 24 timar.

__adsTool_values
Vert nytta i samband med våre interne marknadsføringskampanjar. Vert lagra i 24 timar.

Det vert også nytta ein del informasjonskapslar (cookies) som vert lagra medan du brukar nettbanken, men som vert sletta når du går ut av nettlesaren. Desse hjelper nettbanken å fungere. På grunn av si korte levetid er vi ikkje pålagd å lista opp desse.

Gi oss tilbakemelding