Gå til sideinnhold

Klagehandsaming

Me ynskjer at du skal vera nøgd med å vera kunde hjå oss. Dersom det er noko du er misnøgd med, eller er ueinig med oss i, set me pris på at du tek kontakt med oss. På den måten kan me hjelpa deg.

Ta først kontakt med oss

Det viser seg ofte at ein telefonsamtale er alt som skal til for å gje svar på spørsmåla dine og oppklare eventuelle misforståingar. Kontakt oss på telefon 53 77 15 00.

Dersom kontakten med banken likevel ikkje skulle føra fram, kan du senda ein skriftleg klage der du grunngjev ditt standpunkt. Klagen kan sendast som ein e-post til [email protected] eller som brev til fylgjande adresse:

Etne Sparebank
Postboks 4
5591 ETNE

Du kan òg bruka skjemaet nedanfor til å senda inn din klage.

Skjema for klage

Fyll ut skjemaet og trykk SEND så vil du snart høyra frå oss.

Navn*
Personvern*

Finansklagenemda

Dersom me ikkje vert samde, kan du ta saka vidare til Finansklagenemda som er bransjen sitt uavhengige klageorgan. Nedanfor finn du postadresse, og lenkje til nemnda sine nettsider.

Finansklagenemda
Postboks 56, Skøyen
0212 Oslo

www.finansklagenemda.no