Gå til sideinnhold

BSU – Bustadsparing for ungdom

K2A3387-Edit

BSU er det beste sparetilbudet me har til deg under 34 år. Du kan spare inntil
27.500 kroner i året og 300.000 kroner totalt. Du får ei god rente på pengane dine, og du får opp til 5.500 kroner i skattefrådrag.

God rente

Du får den beste renta i banken på BSU-konto

Skattefrådrag

20 % skattefrådag på årets innskudd, inntil 5.500 per år

Spar fram til fylte 33 år

Spar opp til 300.000,- kr fram til det året du fyller 33 år.

Slik virkar BSU

  • Maks sparesum er kr 27.500,- per år
  • Maks spart beløp totalt er kr 300.000,-
  • Ingen bindingstid eller krav om årlege innskudd.
  • Du får ikkje skattefrådrag dersom du heilt eller delvis eig ein bustad
  • Du kan spare fram til og med det året du fyller 33 år
  • Frå fylte 36 år blir rentebetingelsane som på Sparekonto
  • Du kan som hovudregel opprette berre ein BSU-kontrakt i livet
  • Uttak må knytast opp mot kjøp av bustad eller til nedbetaling av lån på ein bustad du har kjøpt
  • Oppsparte midlar kan brukast som sikkerheit ved kjøp av bolig.

Fast sparing til BSU-konto

Den enklaste måten å spare på er å oppretta ein spareavtale, slik at det blir overført eit fast beløp frå for eksempel din brukskonto til BSU-kontoen. Fast sparing ordnar du i nettbanken din under Meny – Betale og overføre – Opprette fast overføring. Du kan også endre sparebeløpet eller stoppe sparinga dersom det skulle bli nødvendig.

K2A8427--Kopi

Snakk med oss om BSU!

Du får ei gåve frå Etne Sparebank på 500 kroner til BSU kontoen din ved opning. Ta kontakt med oss, så set me gåva inn på kontoen din