Depositumskonto
Når du skal leige bustad er det vanleg å betale eit depositum på nokre månaders leige. Det blir då oppretta ein depositumskonto i ditt navn. Kontoen blir disponert av leigetakar og utleigar i fellesskap.
Slik åpnar du depositumskonto:
- Både utleigar og leigetakar må vera kunde i Etne Sparebank
- Beløpet kan ikkje være større enn seks månaders husleige
- Utleigar bestiller konto i nettbanken, konto skal stå i leigetakar sitt navn. Husk å legge inn rette e-post adresser
- Last opp leigekontrakt i PDF-format
- Det blir sendt ut link til signering i e-post til begge partar
- Konto disponeres i fellesskap av begge partar
- Når leigeforholdet er over må utleigar sende ein e-post til banken med godkjenning om at pengane kan overførast til leigetakar. Leigetakar sender og e-post til banken om kva konto beløpet skal førast inn på.