Visa Electron kort 10-18 år
Dette er det første kortet du startar med som barn og er ein grei måte å lære å disponere eigne lommepengar. Kortet kan brukast på same måte som dei andre korta våre i minibank, betalingsterminal, men har lågare beløpsgrense og kan ikkje brukast til netthandel. Belastar brukskontoen din direkte. Kortet kan og brukast i utlandet.
Beløpsgrensa du kan bruke på kortet aukar etterkvart som du blir eldre.
Kortet blir knytt opp mot ein personkonto (ungdomskonto)
Som foresatt kan du enkelt bestille kort til barnet ditt. Begge foreldra må vera kunder i banken – og begge må godkjenne bestillinga.
Når du har bestilt kort til barnet, sender me ut avtalen for elektronisk signering. De signerer då kjapt med BankID. Når det er gjort sender me ut kort og PIN-kode i posten.
NB! Om barnet ditt skal ha bankprodukt, må han/ho vere legitimert. Gyldig legitimasjon for mindreårige er pass, norsk nasjonalt ID-kort, eller fødselsattest.
Visakort 15-18 år med netthandel
Når du er blitt 15 år kan du bestille kort med netthandel. Kortet kan brukast på same måte som våre andre kort i minibank, betalingsterminal og til netthandel. Kortet kan og brukast i utlandet. Belastar brukskontoen din direkte.
Foreldre/ verge må vera kunder i banken og godkjenner kortavtalen elektronisk.
Mista kortet?
Sperr det så raskt som mogleg!
Transaksjonar du ikkje kjenner til?
Regionsperre på kort
Skal du ut å reise eller nett komen heim?