Gå til sideinnhold

Låne

Skal du kjøpe deg bustad, hytte, bil eller andre ting? Våre rådgjevarar hjelper deg gjennom heile prosessen og gir deg eit lån du kan leva med. Livet endrar seg – og det gjer lånebehova dine òg.

DSCF7019-3

Raskt svar
Me er ein lokalbank som svarar raskt og finn ei god løysing for deg

Fast rådgjevar
Personleg rådgjevar som er tilgjengeleg for deg

Gir tilbake til lokalsamfunnet
Ein stor del av banken sitt overskot vert gitt tilbake til lokalsamfunnet

K2A8427--Kopi

Snakk med oss om lån

Bustadlånkalkulator

kr
kr
kr
%
Månadleg:
Nominell rente:
%
Effektiv rente:
%
Totalpris over år:
kr

Skjul nedbetalingsplan

Spørsmål du kanskje lurer på

Bør eg velge fast eller flytande rente?

Ved å velje fastrente bind du renta til avtalt sats over ein tidsperiode. Dette sikrar deg mot renteoppgang, men du får ikkje fordelen av at renta går ned ved rentenedgang. Den flytande renta følger marknadsrenta. Når fastrenta er låg vel mange å binde heile, eller delar av, lånet sitt. Fastrente gir deg forutsigbarheit over tid. Du kan binde renta i tre år.

Korleis setje opp eit budsjett

Det er alltid lurt å setje opp eit budsjett når du planlegg å ta opp eit lån. Her finner du ein budsjettmodell som me bruker. Du kan justera inntekt, sparing og andre faktorar, og sjå korleis det virkar inn på din økonomi.

Budsjettet er laga av SIFO (statens institutt for forbruksforskning).Link til SIFOs referansebudsjett

Kva ser banken etter når eg søkjer lån?
  • Eigenkapital
  • Betalingevne
  • Total gjeld(gjeldsgrad)
Kva er eigenkapital?

Eigenkapital er heilt enkelt penger du har. Det kan vera penger du har spart sjølv, arv/gåve, penger på BSU.

Kor mykje eigenkapital må eg ha?

Kravet om egenkapital er 15% av verdien/kjøpesummen av bustaden. I tillegg til dette kjem omkostningar til staten. Vanligvis er disse på 2,5% av kjøpesum. Unntak kan vera nye bustadar og burettslag. Sjekk prospekt for aktuell bolig.

Låneeksempel

Bustaden kostar 3 millioner
15% eigenkapital – 450 000 kroner

+ omkostningar (staten, tinglysning, etc.) ca 2,5% – 75 000 kr

Kan eg låna utan eigenkapital?

Ja, med då er du avhengig av at nokon kan stille kausjon for lånet ditt.

Kva er kausjon?

Kausjon er når ein annan person (ofte foreldre) gir banken ein garanti om at han/hun betalar lånet dersom låntakar ikkje klarar det sjølv.

For unge førstegongskjøparar er kausjon ofte ei god løysing som gir moglegheit til å kjøpe bustad sjølv utan nok eigenkapital. Den vanlegaste formen for kausjon er realkausjon. Dvs. at me då tar sikkerheit i kausjonisten sin bustad.

Når kan eg fjerna kausjonist?

Me kan fjerne kausjon når lånet er innanfor 85% av verdien på bustaden.

Kva er betalingsevne?

Betalingsevne seier noko om kor mye du kan låna sett ut ifrå

dine inntekter og kostnadar.

Di betjeningsevne baserar seg på eit budsjett som SIFO har utarbeida.

Du må i tillegg til andre kostnadar klara å betala renter og avdrag på lånet. Inntekta di må òg tåla ei renteauke på inntil 5%.
Eksempel på faktorar som påvirkar betalingsevnen din er antal personar i husholdninga, alder på born, om du har bil.

Eit anna uttrykk for betalingsevne er likviditetsgrad.

Kva er gjeldsgrad?

Gjeldsgrad sier noko om kor mykje lån du har i forhold til brutto inntekt. Bank har fleire retningslinjer me må følgje når me skal sjå på kor mykje ein kunde kan låna. Gjeldsgrad på maks 5 er eit eksempel på ein av desse retningslinjene. Det vil sei at summen av di totale gjeld ikkje kan vera meir enn 5 gonger brutto inntekt. Total gjeld består av all gjeld du har (studielån, billån, kredittkort o.l).

Bør eg ha fast eller flytande rente?

Det er ei individuell vurdering og ikkje eit svar som er likt for alle.

Ta kontakt med oss om dette.