Fastrentelån
Slik fungerar fastrentelån:
- Eit fastrentelån er eit lån der du betalar ei avtalt rente for eit visst tal år. Me har tilbod om 3 års bindingstid.
- Med fastrentelån veit du kva du skal betala kvar månad, og du treng ikkje bekymra deg for renteoppgang i bindingstida.
- Det er viktig å vera klar over at det er spesielle krav knytta til eit fastrentelån. Du kan ikkje utan vidare endre terminsum, hoppe over ein termin eller endra lengda på terminane så lenge renta er bunden.
Snakk med oss om fastrentelån
Bustadlånkalkulator
– Du kan kombinera fastrentelån og lån med flytande rente. På den måten kan du sikre deg mot verknaden av renteoppgang, samstundes som du dreg nytte av ein rentenedgang.
– Anne Grete –
Hugs forsikring
Dersom du er så uheldig at huset ditt vert skada, dekker Frende kostnaden til reparasjon, eller kostnad til nytt hus ved totalskade. Hugs å forsikre bustad og innbo.
Ting du kanskje lurer på om fastrentelån
Bør eg velge fast eller flytande rente?
Ved å velje fastrente bind du renta til avtalt sats over ein tidsperiode. Dette sikrar deg mot renteoppgang, men du får ikkje fordelen av at renta går ned ved rentenedgang. Den flytande renta følger marknadsrenta. Når fastrenta er låg vel mange å binde heile, eller delar av, lånet sitt. Fastrente gir deg forutsigbarheit over tid. Du kan binde renta i tre år.
Passar fastrentelån for meg?
Dersom du vil vite nøyaktig kor stort beløp du må ut med kvar månad for å betale gjelda.
Ikkje likar svingingar i rentemarknaden.
Føler at større renteendringar vil påverke kvardagsøkonomien i for stor grad.
Kva skjer dersom eg bryt avtalt bindingstid på fastrentelånet mitt?
Overkurs / underkurs:
Ønsker du å bryte avtalen du har om fastrente, vil det bli utrekna over- eller underkurs på lånet. Det betyr enkelt sagt at dersom rentenivået har gått ned sidan du fekk utbetalt lånet ditt, må du betale differansen mellom di fastrente og dagens rente. Har rentenivået gått opp etter at du gjekk inn avtale om fastrente, kan du få utbetalt eventuell underkurs (rentegevinst) dersom du har hatt lånet i minst eitt år.