Gå til sideinnhold
K2A3387-Edit

Grønt bustadlån

I banken er me opptekne av miljø, og me tilbyr grønt lån med gunstig rente til deg om du har nyare hus i energiklasse A eller B.

Låg rente

Best rente på lånet inntil 75% av kjøpesummen.

Fast rådgjevar

Personleg rådgjevar som er tilgjengeleg for deg.

Bustad

Lån mot pant i alle typar bustad.

Energiklasse A og B

A: Bustaden har varmepumpe eller solenergi, i tillegg til betre isolasjon og vinduer. Passivhus vil få A.

B: Bustaden har varmepumpe eller solenergi og/eller betre isolasjon og vinduer enn krava i byggeforskriftene. I tillegg til oppvarming og isolasjon vil type bustad, byggeår og bruksareal påvirke energiklassen.

I søknaden om Grønt bustadlån treng vi dokumentasjon på energimerke til bustaden. Dokumentasjon som takst, kjøpekontrakt eller energiattest

Lån inntil 85 % av verdien til bustaden

K2A8483
Spør oss om lån

Bustadlånkalkulator

kr
kr
kr
%
Månadleg:
Nominell rente:
%
Effektiv rente:
%
Totalpris over år:
kr

Skjul nedbetalingsplan

Hugs forsikring

Dersom du er så uheldig at huset ditt vert skada, dekker Frende kostnaden til reparasjon, eller kostnad til nytt hus ved totalskade. Hugs å forsikre bustad og innbo.

Ting du kanskje lurer på om energimerking av bustad

Kva betyr energimerke på bustaden?

Energimerket seier korleis energistandarden til bustaden er. Det er sett saman av ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter.

Kva betyr energimerke A eller B?

Energimerke A: Bustaden har varmepumpe eller solenergi, i tillegg til betre isolasjon og vindu. Passivhus vil få A.

Energimerke B: Bustaden har varmepumpe eller solenergi og/eller betre isolasjon og glas enn krava i byggeforskrifta. I tillegg til oppvarming og isolasjon vil type bustad, byggeår og bruksareal påverke energimerkinga.

Korleis finn eg ut kva energimerke eg har på min bustad?

Du kan registrere bustaden din på energimerking.no og vil då få ut bustaden si energimerke.

Dersom du kjøper bustad står energimerket i prospektet eller bustadannonsa.

Gi oss tilbakemelding