Etne Sparebank blir Sparebanken Vest
Onsdag 23.03. vedtok generalforsamlingane i Etne Sparebank og Sparebanken Vest samanslåinga av bankane. – Som Sparebanken Vest skal me framleis gje gode råd og satse på folka og næringslivet her i Etne, seier banksjef Rune Ramsvik.
Kundane vil ikkje merke noko til samanslåinga på ei god stund, for sjølve samanslåinga skjer først til hausten, forklarar Rune Ramsvik.
Same rådgivar, same kontor
– Me får ein del spørsmål frå kundane våre om kva dei kan vente seg framover frå oss og banken. Det er heilt naturleg å lure på det, og svaret er at det aller meste blir som før om ikkje betre, seier han, og fortset:
– Som kunde hos oss, kan du vere trygg på at me skal ta vare på deg både i tida fram til samanslåinga, og etterpå. Med same rådgivar, på same plass og etter samanslåinga også med utvida opningstid. Kundeforholdet og vilkåra ein har blir som før.
Mange lurar på om dei framleis kan kome innom banken og få hjelp til daglegbank-tenester.
– Sjølvsagt kan kundane kome innom og få gode økonomiske råd og hjelp. Dei vil treffe på dei same dyktige folka i banken som før – både fysisk i banken og digitalt, forsikrar han.
Kan få kundeutbytte i 2023
Etne Sparebank og Sparebanken Vest har mykje til felles med kvarandre. Dei er solide bankar som har vore viktige institusjonar i lokalområdet i mange år. Bankane har allereie eit tett produktsamarbeid – mellom anna på forsikringssida gjennom Frende Forsikring.
Om ein har forsikringar i Frende i dag, følger dette med vidare til Sparebanken Vest utan at ein treng å gjere noko sjølv. Det same gjeld andre produkt som kundane har.
Ein av tinga som kundane kan gle seg til når dei blir Sparebanken Vest-kundar, er kundeutbytte. I snitt har banken sine bustadlånkundar med over ein million i lån fått utbetalt over 13 600 kroner i kundeutbytte i løpet av dei siste tre åra.
– Som Sparebanken Vest-kunde med lån og innskot i banken, kan ein få kundeutbytte. Me har sikra at dei som i dag er kunde i Etne Sparebank, vil oppnå full opptening for 2022, trass i at ein strengt tatt ikkje blir Sparebanken Vest-kunde før på hausten, seier Rune.
Meir informasjon om korleis kundeutbytte vert berekna finn du på spv.no.
Dette skjer framover
Før samanslåinga blir ein realitet, må vedtaket som blei gjort onsdag bli godkjent av nødvendige myndigheiter. Det vil også ta ei god stund før dei to bankane er integrerte.
– Som kunde treng du ikkje gjere noko i samband med denne integreringa – kort, konto og produkt vil bli flytta og du vil få god informasjon undervegs, seier Rune.
Seinare, når bankane faktisk er slått saman, blir det mykje å gle seg til for kundane. Kundane får ein bank med høg og stigande kundetilfredshet, både for privatkundar og bedriftskundar. Sparebanken Vest har mellom anna den mobilbanken som har best score blant alle mobilbankar i App Store og Google Play i Noreg. Dei har og kontaktlaus betaling med Google Pay og Apple Pay.
Er du nysgjerrig på kva som ventar i Sparebanken Vest? Les meir om Sparebanken Vest på spv.no.