Etne Sparebank og Sparebanken Vest slår seg saman
I dag vedtok styra i Etne Sparebank og Sparebanken Vest ein plan for samanslåing av bankane. Målet er å styrke banktilbodet til deg som er kunde og sikre at det framleis skal vere ein sparebank med lokal forankring i Etne i framtida.
– Som lokalbank i Etne har vi fått vere med på å bygge den fantastiske fellesskapen som vi har her i bygda. Dei verdiane som finst her, er det vi no jobbar for å trygge. Det er ei vemodig avgjerd å ta, men styret i Etne Sparebank meiner likevel at ein samanslåing med Sparebanken Vest er den rette vegen å gå, seier Rune Ramsvik, banksjef i Etne Sparebank.
– Banken er bygda sin, og slik vil det fortsatt vere – også som Sparebanken Vest, legg han til.
– Styrke tilbodet til folk og bedrifter
Det er Etne Sparebank som har teke initiativ til samanslåinga. Bakteppet er at krava til bankane blir strengare og strengare. Dette legg særleg press på mindre bankar og krava gjer det vanskeleg for Etne Sparebank å fortsette på eigne bein, fortel Rune Ramsvik.
– Målsetjinga med samanslåinga er å styrke banktilbodet til både folk og bedrifter som er kundar i banken, og å oppretthalde viktige finansarbeidsplassar i lokalmiljøet, seier han.
To solide bankar med godt fotfeste i lokalmiljøet
Dei to bankane har mykje til felles med kvarandre. Både Etne Sparebank og Sparebanken Vest er solide bankar som har vore viktige institusjonar i lokalområdet i 199 og 162 år. Bankane har allereie eit sterkt produktsamarbeid – mellom anna på forsikringssida gjennom Frende Forsikring.
– Begge bankane har eit sterkt fokus på god rådgiving og nærleik til kundane. Dette vil fortsette – også etter ei samanslåing, forsikrar Ramsvik, og legg til:
– Sparebanken Vest har også svært gode digitale løysningar, som kundane får dra nytte av – mellom anna ein mobilbank som har best score blant alle mobilbankar i App Store og Google Play.
Kundeutbytte til kundane og 10 nye millionar i gåvemidlar
Som Etne Sparebank, har Sparebanken Vest ein godt etablert tradisjon for å dele av overskotet med lokalsamfunnet. Dette blir styrka etter ei samanslåing.
Det vil kome tildelingar både frå Sparebanken Vest og frå Sparebankstiftinga Etne i framtida. Det er også planlagt ei ekstraordinær tildeling frå Sparebanken Vest på ti millionar kroner til gode føremål i lokalsamfunnet.
I tillegg til allmennyttige midlar, har Sparebanken Vest også kundeutbytte. For tredje år på rad har styret gått inn for kundeutbytte. Ein kunde med bustadlån i Sparebanken Vest vil i snitt få utbetalt 3775 kroner i år. Etter ei samanslåing vil også noverande kundar i Etne Sparebank kunne få kundeutbytte.
– Kontoret i Etne vil bestå
Før samanslåinga blir ein realitet, må vedtaket om samanslåing først bli godkjent i generalforsamlingane til bankane. Dato for dette er 23. mars. Deretter må vedtaket også bli godkjent av myndigheiter og andre kontraktspartar. Avtalen, som er signert av både styra, viser at Etne Sparebank vil skifte namn til Sparebanken Vest etter samanslåinga.
Det vil ta ei god stund før dei to bankane er integrerte. Dersom avtalen blir endeleg vedteken i mars, vil ei samanslåing skje i haust.
– Det som er sikkert, er at kontoret vårt i Etne vil bestå. Kundane våre kan framleis komme innom oss her i bankbygget. Vi er i forhandlingar no om ein langsiktig leigeavtale med bygget som vi no er i, seier Ramsvik