Gå til sideinnhold

Ja, eg klarte det!

Ja! Eg klarte det! – seier Carina Pedersen, 28 år, lærar og opprinneleg frå Etne, etter å ha kjøpt sin eigen leilighet i Stavanger. Draumen gjekk i oppfyllelse etter at ho sommaren 2018 tok kontakt med kunderådgjevar Elin Hegerland Hjelvik i Etne Sparebank og laga ein spareplan som skulle oppfylle eigenkapitalkravet for å få lån til bustad.

124763808_3793032430709044_385840877186720081_n

Den faste sparinga kvar månad gjekk etter planen og hausten 2020 kjøpte Carina seg leilighet i Stavanger. Nyleg var ho innom banken og fekk med seg ei kaffikanne frå Etne Sparebank; ei gåve til sin fyrste bolig. Gratulerer!

K2A8462--Kopi

Kontakt oss om BSU!