Gå til sideinnhold

Råd for å unngå å verta svindla

Oppgje aldri BankID-kodar, passord eller kort- og kontoinformasjon til nokon.

Banken vil heller aldri be deg om å oppgje slike opplysningar. Er du i tvil om det er banken som ringjer deg, sender e-post eller SMS? Ta kontakt med oss før du føretek deg noko.

Ikkje still kontoen din til disposisjon for overføringar frå ukjende. Det kan vera straffbart.

Mistenkjer du at ein e-post eller SMS er eit svindelforsøk, ikkje svar elller klikk på lenkjer eller vedlegg. Slett e-posten eller SMS-en.

Sørg for å skifta passord for e-post, sosiale medier og andre tenester jamnleg.

Svindel via sosiale medier aukar. Dei lokkar med kjærleik eller store gevinstar i investeringsmarknaden. Ikkje la deg lura.

Ver obs ved netthandel, og forsikra deg om at nettsida er trygg å handla på.