Gå til sideinnhold
DSC_4426

Snart blir me Sparebanken Vest

No er samanslåinga mellom Etne Sparebank og Sparebanken Vest godkjend av Finanstilsynet.

Det betyr at alle kundar i Etne Sparebank om kort tid vert Sparebanken Vest-kundar.

Det er mange formalitetar i ein slik prosess som må på plass, og no nærmar me oss klare til å kunne byrja med å overføre Etne-kundane over til Sparebanken Vest – både personkundar og bedriftskundar.

I starten av desember vil me ta kontakt med deg på SMS og losa deg gjennom prosessen med å oppretta konto, bestille kort osv. Me gjer det aller meste for deg – alt du treng å gjera er å signera på avtalar som blir sendt til deg med varsel på SMS.

Så, enn så lengje – berre sit stille i båten, me fiksar for deg!

Du vil også etter samanslåinga ha den same rådgjevaren som før, så berre ta kontakt med rådgjevaren din om du har spørsmål eller treng hjelp til noko. Du vil finne oss i dei vante banklokala her i Etne sentrum.

Me ser fram til å ynskje deg velkomen som Sparebanken Vest-kunde!