Gå til sideinnhold

Ofte stilte spørsmål om BankID

Kva er BankID?

BankID er din legitimasjon på nett. Ved personleg oppmøte brukar du pass eller bankkort for å legitimere deg.  På nett brukar du elektronisk legitimasjon til identifisering og signering.  BankID gir deg ein trygg, sikker og enkel elektronisk ID som kan brukas til innlogging i Nettbanken. BankID er og langt meir enn berre ein innloggingsmekanisme i Nettbank. Du kan lese mer om BankID på www.bankid.no

Korleis veit eg om eg har BankID?

Er du usikker på om du har bestilt BankID, kan du enkelt  teste det på bankid.no.

Korleis får eg BankID?

Du må ha nettbank og vera over 13 år. Du må ha norsk personnummer.

Logg deg inn i nettbanken din.
Bestilling av BankID krev vidare:
-at banken har registrert passet* ditt. Bestilling kan ikkje gjennomførast viss pass ikkje er registrert i systemet.
-at du står som kontoeigar på minimum ein konto i banken.

13- 18 åringane må ha godkjenning av foreldre for å få BankID.

Krav til datamaskina di:
BankID er laga for å fungere på dei vanlegaste kombinasjonar av nettlesar og operativsystem.
Fullstendig oversikt over støttet programvare og operativsystem finn du på www.bankid.no

*Likestilt med pass reknes:
-Reisebevis for flyktningar
-Norsk utlendingspass

Mange vanskelege ord og utrykk?

På BankID heimeside finn du ord og uttrykk som omhandlar BankID. Kanskje finn du svar på det du lurer på her.

Kva gjer eg om eg har gløymt mitt personlege BankID-passord?

Har du gløymt BankID passordet ditt går du inn på «Gløymt BankID passord» i påloggingsbildet. Du kan og kontakte oss via innlogga nettbank eller ringe kundeservice i banken på telefon 53 77 15 00.

Kva gjer eg viss eg trur passordet mitt eller kodebrikka er på avveie?

Har du mistanke om at passord eller kodebrikke er på avveie, skal din BankID sperres. Dette kan du gjera sjølv i nettbanken. Du kan og sperre ved å ringe bankens sperretjeneste på telefon 21 49 23 88, fra utlandet +47 21 49 23 88. For å oppheve sperring av BankID må du møte opp i banken for å legitimere deg.

Korleis endrar eg BankID-passordet mitt?

Når du brukar BankID kan du endre passordet ditt etter at du har lagt inn fødselsnummer, sikkerhetskode og passord i innloggingsprosessen. Etter å ha tasta inn passord, vil du få opp ein knapp under som heiter ENDRE PASSORD. Klikkar du på denne vil du enkelt kunne endre passordet ditt. Det er svært viktig at du husker det personlege passordet ditt.

Kan eg teste om min datamaskin støttar bruk av BankID?

Du kan teste om BankID virkar på din datamaskin hjå BankID.

Problem med å bruke BankID?

På www.bankid.no finn du mykje nyttig informasjon om korleis ein kan identifisere og løyse eventuelle problem knytta til bruk av BankID.

Kan eg ha fleire BankID-ar?

Du kan få ein BankID frå alle bankar du har eit kundeforhold til. Ein og same BankID kan brukes på tvers av bankane og andre brukarstadar. Men, i utgangspunktet treng du kun èin BankID.

Kostar det noko å bruke BankID?

Det kostar ingenting å bruke BankID. Som kunde i Etne Sparebank betaler du heller ingenting for sjølve kodebrikka (GO3).

Kva er BankID-app?

Ei elektronisk kodebrikke som brukes for å logge inn med BankID. Les meir om BankID-app her

Kva er skilnaden på BankID, BankID på mobil, BankID-app og mobilbank?

Kodebrikke får du når du opprettar nettbank i Etne Sparebank. Med den kan du logge inn i nettbanken – og i nettbanken kan du bestille BankID og BankID på mobil.

Bankar, offentlege tenester og andre organisasjonar i Norge nyttar seg av ulike sikkerheitsløsningar for innlogging, identifisering og signering på nett. Men kva er eigentleg skilnaden på dei ulike løsningane?

Dette er kodebrikke

Ei kodebrikke er ei fysisk brikke som genererer eingongskodar, og som nyttes for å identifisere deg på nettet. Når du skaffar deg nettbank hjå oss, vil du motta ei kodebrikke og eit passord som du endrar til ditt eige personlege passord første gong du loggar inn.

Når du loggar deg inn i nettbanken, gjere du det med eingongskode frå kodebrikka saman med ditt personlege passord. Kodebrikka generer en eingongskode som stadig endres. Kodebrikka utstedes kun av bankar i Norge, og du treng denne for å bestille deg BankID og BankID på mobil. Du må likevel ikkje kaste kodebrikka sjølv om du tar i bruk BankID på mobil, mobilbank eller BankID-appen.

Du bestiller ei ny kodebrikke ved å sende oss ei melding når du er innlogga i nettbanken/mobilbanken, eller ved å ringe oss på telefon 53 77 15 00

Dette er BankID

BankID er ein personleg og enkel elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på nettet. I den fysiske verda identifiserer du deg med pass, førarkort eller bankkort. I den elektroniske verda kan du bruke din BankID for å bekrefte kven du er. I den fysiske verda bruker du kulepenn når du skriv under ein kontrakt. I den elektroniske verda vil du kunna bruke din BankID til å signere dokument og meldingar elektronisk. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein håndskreven signatur på papir.

Du bestiller BankID i nettbanken, og kodebrikka med eingongskode brukast alltid saman med BankID. Merk deg at det passordet du lagar til BankID er lett å blande med pålogging utan BankID – så tenk smart og tenk sikkerheit når du lagar passord.

Les meir om BankId her

BankID utstedast hjå oss og kan bestillast i nettbanken. Du brukar den fysiske kodebrikka saman med BankID-passordet ditt når du loggar inn med BankID.

Dette er BankID på mobil

BankID på mobil fungerer på same måte som BankID, men du treng ikkje kodebrikka. Du treng kun mobiltelefon og ein personleg PIN-kode, då BankID på mobil lagrar informasjonen på ditt SIM-kort. Når du loggar inn i nettbanken med BankID på mobil, får du opp eit par referanseord på nettsida som skal stemme overens med det som blir vist på mobiltelefonen din. Dersom dette stemmer, godtar du og tastar inn koden du har laga. Signering av lange dokumenter som PDF-er og liknande kan og gjerast med BankID på mobil i kodebrikke-steget, men då må du i tillegg ha BankID-passordet.

Les mer om BankId på mobil her

Du bestiller BankID på mobil i nettbanken din og dermed har du alltid med deg eit alternativ til kodebrikka når du skal logge inn i banken eller handle på nett. Sikkert og enkelt. Du må likevel ikkje kaste den då du treng kodebrikka i tilfelle du må bestille deg ny BankID på mobil eller om du skal signere dokument med vanleg BankID.

Dette er BankID-app

BankID-app er ei digital kodebrikke som blir brukt i staden for den fysiske kodebrikka, når du skal logge inn eller signere med BankID. I staden for å taste inn eingongskode, mottar du heller eit varsel på mobilen din som ber deg om å godkjenne i appen. Når du har gjort dette går du tilbake til nettsida for å fullføre identifiseringa med ditt personlege passord. Appen er like trygg som en fysisk kodebrikka, men er gratis og mykje enklare og bruke.

Les meir om BankID-appen her

BankID-app får du ved å lasta ned appen i App Store eller Google Play, og aktivera den med BankID eller BankID på mobil.

Mobilbank

Mobilbank er enkelt og greit ein app som du kan laste ned på telefonen og dermed få ein mobilversjon av nettbanken. Navnet mobilbank kan nok lett forveksles med BankID på mobil, men er altså ikkje det sama. Med mobilbanken har du tilgang til dei aller fleste funksjonane i nettbanken – rett fra mobiltelefonen.

Les mer om Mobilbank her

Mobilbank får du ved å laste ned appen via AppStore eller Google Play til smarttelefonen din. Du loggar deg inn med sjølvvalgt 4-siffra kode, eller med TouchID/FaceID dersom telefonen din støttar dette.

Kva er skilnaden på BankID og BankID på mobil?

I vanleg (banklagra) BankID ligg hemmelegheitene knytta til din personlege elektroniske identitet sikkert lagra i et hvelv.Du må derfor taste både passord og eingangskode for å bruke BankID.

I BankID på mobil ligg hemmelegheitene trygt lagra i ditt SIM-kort. Det er derfor tilstrekkeleg å taste PIN-kode for å bruke BankID på mobil.