Gå til sideinnhold

Ofte stilte spørsmål om kort

Eg har gløymt PIN-koden min

Du kan finne PIN-koden din ved å logge deg inn i nettbanken.

  • På bankkortet finn du informasjonen  du treng for å hente ut PIN-koden.
  • Logg inn i nettbanken. Gå inn i Meny. Velg «Hent pin kode» under Kort.
  • Velg kort og tast inn CVV2 og utløpsdato. CVV2 er dei tre siste sifra i talet som står oppgjeve i signaturfeltet på baksida av kortet.

Denne tenesta er gebyrfri fyrste gongen du hentar PIN-kode. Ved bruk av tenesta ved seinare høve, sjå prisliste.

Kortet mitt fungerer ikkje

Det kan vera fleire årsaker til at kortet ikkje fungerer tilfredstillande. Bruk av feil PIN-kode, skade på magnetstripe/chip og liknande.

Ta kontakt med banken ved å ringe  53 77 15 00 eller sende e-post.

Kva er regionsperre?

Kortsvindelen aukar og vert stadig meir global. Kortet vert brukt til dømes i Europa, mens svindelen skjer frå heilt andre stadar i verda.

 For å redusere risikoen for kortsvindel, gjer me det mogleg for deg å sperre korta dine for bruk i minibankar og kortterminalar i dei delar av verda du ikkje oppheld deg. Har du ikkje planar om å reise til til dømes Amerika eller Asia, kan du sperre kortet ditt for bruk i desse regionane. Sperringa opphevar du like enkelt.

Ved å ta i bruk tenesta er du med på å hindra kortsvindel.

Administreres i nettbanken eller MobilBank

Løysninga er enkel å bruke. Etter at du har logga på nettbanken, vel du Meny, og Regionsperre under Kort. Her kryssar du av for om ein region skal vera gyldig / ikkje gyldig. I MobilBank går du på «Meir» og «Fleire tenester»

Reiser du mykje, er det ikkje meininga at du skal skru av og på dette ved kvar utreise. I fyrste omgang håpar me du vil setje fjerne regionar som ikkje gyldig.

Sperringa eller opphevinga trer i kraft umiddelbart etter at du har registrert endringa i nett/Mobilbanken.Har du gløymt å fjerne regionsperra før du reiser, kan du logge deg på nettbanken der du er eller ringje oss i opningstida på telefon +47 53 77 15 00.

NB! Du kan handla med kortet ditt på nettet uavhengig av regionsperra.

Kan eg bruke Online+ /Online 10-18 til Netthandel?

Nei, du kan ikkje handle over nett med dette kortet. Då må du bruke kortet Visakort 15-18 år med netthandel, VisaClassic eller Master Card Gold.

Er det trygt å betale med kort på internett?

Ja, men du må beskytte datamaskina di og sjekke nettbutikken godt før du handlar. Dette bør du gjere:

  • Bruke antivirus-, antispionprogram og brannmur på datamaskina di
  • Ikkje legg igjen konto-, kort- eller personopplysningar i nettbutikker du er usikker på
  • Handle i kjende og seriøse nettbutikkar, og i nettbutikkar som har løysningar for å betale som Verified by Visa og MasterCard SecureCode.
Kva er CVV2/CVC2?

CVV2/CVC2 er dei tre siste sifra i talet som står oppgjeve i signaturfeltet på baksida av kortet.

Når du handlar med Visakort eller MasterCard på nett vil du oppleve å bli spurt om kortnummer, utløpsdato og svært ofte CVV2-/CVC2-kode.

Kva er beøpsgrensa på kortet mitt?

Her finn du beløpsgrensene på korta våre.

Kva gjer eg viss eg har mista kortet mitt?

Dersom du har mista kortet ditt kan du enkelt sperre det i nett- og mobilbanken. Vel «Meny», «Konto og kort» og vel «Mine kort». Trykk på det kortet som du ønsker å sperre og vel «Sperre kort».

Du kan og ringe for å sperre det.

Ring telefonnummer 21 49 23 88– dette nummeret bør du alltid ha med deg.

Dersom du mister kortet i utlandet, ringer du +47 21 49 23 88.

Du kan og ringe til banken i opningstida  +47 53 77 15 00.

Sperring av MasterCard +47 73 89 77 56 valg 1

Sperring av BankID

Sperring av NettBank