Gå til sideinnhold

Ofte stilte spørsmål om MobilBank

Korleis får eg MobilBank?

Du må ha nettbankavtale hjå oss for å ta dette i bruk. I tillegg må mobiltelefonnummeret ditt vere registrert i kunderegisteret vårt. Då kan du laste ned appen til Etne Sparebank.

Kor lastar eg ned Etne Sparebank-appen?

Har du iPhone eller iPad går du inn på App Store.

Har du en Android Telefon går du inn på Google Play.

Kva kontoar viser i MobilBanken?

Dei kontoane du har valt å vise på startsida i nettbanken din, vil vere dei kontoane som også er tilgjengelege i mobilbanken. Det vil seie at dersom du under Kontoinnstillingar i nettbanken har valt å skjule ein eller fleire kontoar i nettbanken din, så vil dei same kontoane heller ikkje vere tilgjengeleg i mobilbanken.

Korleis endrar eg beløpsgrensa for MobilBank?

Endring av beløpsgrense for Mobilbank kan du sjølv gjere i mobilbanken eller nettbanken din. Gå til Betalingsinnstillingar som du finn under kategorien Innstillingar i hovudmenyen. Beløpsgrensa du du set vil gjelde for både Nettbank og Mobilbank.

Du må vere fylt 18 år for å kunne gjere dette sjølv.

Korleis sperrar eg MobilBanken min?

Sperretjeneste Nettbank/ Nettbedrift-åpningstider 24/7

Dersom du oppdagar svindel eller mistenkjer svindelforsøk i Nettbanken elller Nettbedriften din, kan du ringja banken si sperretjeneste på telefon (+47) 21 49 23 88

Kva gjer eg viss eg har gløymt koden?

Dersom du har gløymt den 4-sifra koden din, må appen reaktiverast. Dette kan anten gjerast ved å klikke på Gløymt kode på innloggingssida, eller ved å avinstallere appen og installere den på nytt.

Kan eg bruke BankID på mobil med Mobilbank?

Ja, du kan bruke BankID på mobil på mobilbanken din.
Dette gjer at du ikkje treng kodebrikke om du for eksempel treng å ta ei betaling når du er på farten.

Korleis legg eg til betalingsmottakarar i MobilBanken?

I MobilBanken kan du velge «Til konto» frå ei dropdown liste. For at mottakarar skal vise i denne lista må du først logge inn i vanleg NettBank. Velg  Betalingsmottakarar under MobilBank  i Meny–  og sett ei hake ved dei kontoane du ønsker skal komme fram i MobilBanken. Kontoane med hake vil dukke opp i lista di i MobilBanken.

Kva er widget?

Widget er ein liten programmodul ofte fylgjer med ein app du lastar ned. Ein widget viser gjerne informasjon som brukaren ofte har bruk for.

Widget-en som fylgjer med Mobilbank-appen vår viser deg saldo på primærkontoen din utan at du treng å logge inn i mobilbanken. Du aktiverer widget-en i widget-lista på telefonen din.

Kan eg bruke MobilBank i utlandet?

På lik linje med nettbanken kan mobilbanken brukes overalt kor du har forbindelse til internett. Me anbefaler å bruke WiFi forbindelse i utlandet, då datakostnadane på mobil kan bli høge.