Gå til sideinnhold

Ofte stilte spørsmål om Nettbank

Korleis får eg nettbank?

Nettbank bestiller du ved personleg oppmøte i banken og identifisering i form av pass. Ved bestilling får du tilsendt eit engongspassord på SMS eller e-post og kodebrikka blir sendt til deg per post. Brukarnavnet til nettbanken er fødselsnummeret (11-siffer) ditt.

Når du har mottatt kodebrikka kan du logge inn i Nettbanken. Ved pålogging første gong treng du eingongspassordet du fekk tilsendt på SMS eller e-post då du oppretta Nettbankavtalen. Når du tastar dette passordet, åpnes eit nytt vindu kor du blir beden om å lage eit personleg passord for vidare innlogging i Nettbanken.

Sjå spørsmåla nedanfor.

Kva påloggingsalternativ skal eg bruke?

Du kan bruke dei ulike påloggingsmetodane om kvarandre forutsatt at du har bestilt BankID og/eller BankID på mobil.

Dersom du ikkje har bestilt BankID skal du bruke ¨Logg inn utan BankID¨.

Korleis loggar eg meg på nettbanken med passord?

For å logge på nettbanken treng du:

  • Brukarnavn (fødselsnummer)
  • Passord
  • Kode fra kodebrikka
Korleis loggar eg meg på nettbanken med BankID?

Ønsker du å logge på med BankID trenger du:

  • Fødselsnummer
  • Kode fra kodebrikka
  • BankID-passord

Det er ei forutsetning at du har bestilt BankID i nettbanken, eller har BankID fra annan bank.

Er det første gong du prøver å logge på med BankID, må du bruke eingongspassordet du mottok på e-post då du bestilte BankID.

Korleis loggar eg meg på nettbank med BankID på mobil?

For pålogging med BankID på mobil brukar du:

  • Mobilnummer
  • Fødselsdato
  • ID-PIN, 4-8 siffer

ID-PIN er koden du lagde då du bestilte BankID på mobil i nettbanken.

Det er ei forutsetning at du har bestilt BankID på mobil via nettbanken, eller har BankID på mobil frå annan bank før du kan velge dette som påloggingsalternativ.

Korleig endrar eg beløpsgrensa for transaksjonar i Nettbanken?

Når du er inne i Nettbanken din går du på Meny / Instillingar / Betalingsinnstillingar. Her kan du endre beløpsgrensa.

Kva er forskjellen på bokført og disponibel saldo?

Alle norske Nettbankar opererer med bokført saldo og disponibel saldo. Når det går pengar ut og inn på konto blir ikkje den bokførte saldoen oppdatert umiddelbart og ikkje meir enn ein gong dagleg.

For å vite kva ein faktisk har på konto skal ein dirfor alltid sjå på disponibel saldo .Viss du for eksempel på lønningsdagen vil sjekke saldo, har du kanskje 3000,- på bokført saldo og 23.000,- på disponibel saldo. Då er det 23.000,- du kan bruke, utan fare for å overtrekke kontoen. Innan neste oppdatering vil innskuddet vera med.

Kva betyr reservert beløp?

Når ein handlar med visakort blir ofte beløpa reservert ein periode før dei faktisk blir belasta konto. Dette gjer den aktuelle bedrifta for å sikre seg betalinga før den blir bokført. Du vil kanskje merke at dette er spesielt vanleg når ein bestiller hotell eller flybillettar.

Eg manglar ein konto som eg disponerer i nettbanken. Kva gjer eg?

Det er ikkje alltid at den nye kontoen du disponerer automatisk blir knytta opp mot din Nettbank. I så tilfelle må kontoeigar sjølv kontakte oss for å gi beskjed om at den skal knytas opp mot din Nettbank.

Korleis sperrar eg Nettbanken min?

Sperretjeneste Nettbank/ Nettbedrift-åpningstider 24/7

Dersom du oppdagar svindel eller mistenkjer svindelforsøk i Nettbanken elller Nettbedriften din, kan du ringja banken si sperretjeneste på telefon 21 49 23 88

Eg trur Nettbanken min er sperra. Kva gjer eg?

Du har kanskje tasta for mange gonger feil passord eller brukt feil Nettbank-brikke. Send oss ein mail eller ring oss på 53 77 15 00 så åpnar me den for deg.

Kva gjer eg når kodebrikka ikkje virkar meir?

Send oss ein mail eller ring oss på 53 77 15 00 så bestiller me ei ny til deg.

Korleis endrar eg namnet på ein konto?

Du kan sjølv endre namn på kontoane dine i Nettbanken under Kontoinnstillingar som du finn under Meny.

Korleis slettar eg loggen i nettlesaren min?