Oftestilte spørsmål om BankID på Mobil
BankID på mobil skal fases ut, i løpet av hausten 2022 vil det ikkje vera mulig å bestille ny BankID på mobil. Me anbefaler at du heller laster ned BankID-appen.
Korleis får eg BankID på mobil?
Slik får du BankID på mobil
Logg inn i nettbanken din og aktiver BankID på mobil. Det tar berre nokre minuttar og BankID på mobil er klar til bruk med det same. Sjekk om din mobil og ditt abonnement er klart for BankID på mobil.
Kva gjer eg når eg har gløymt passord for BankID på mobil?
Logg deg inn i NettBanken og bestill ny BankID på mobil. Valget finn du under – BankID i Menyen. Du må ha kodebrikke eller BankID-app for å logge deg inn i NettBanken.
Eg har fått nytt SIM kort til mobilen, må eg bestille ny BankID på mobil?
Ja, logg deg inn i NettBanken med kodebrikke og bestill der. Valget finn du på under– BankID og BankAxess i Menyen. BankID på mobil kan berre aktiverast i NettBanken.
Kan eg kaste kodebrikka når eg har BankID på mobil?
Nei, du treng kodebrikka viss du skal bestille deg ny BankID på mobil eller om du skal signere større dokumenter med vanleg BankID.
Tilbyr alle mobiloperatørar BankID på mobil?
Alle mobiloperatørar tilbyr BankID på mobil. Det betyr at alle som ønsker det kan aktivere BankID på mobil i nettbanken sin.
Operatørene er per i dag:Telenor, Djuice, Talkmore, Dipper, Hello*, Phonero*, Tele2*, One Call*, MyCall*, Network Norway*, Xito*, Mobitalk, Phonect, Telipol, NetCom*, Chess*, TDC* og Ventelo (*husk å bestille nytt SIM-kort fra operatør).
Enkelte mobiloperatørar tar gebyr for bruk av BankID på mobil, sjekk med din operatør.
Kva gjer eg om eg mister mobilen min når eg har BankID på mobil?
Ringe vårt kundesenter på telefon 53 77 15 00 i åpningstida. Utanom åpningstida kan du ringe bankens sperreteneste på telefon 21 49 23 88. Du kan og logge deg inn i NettBanken og sperre BankID på mobil. Under valget – BankID og BankAxess i Meny. I tillegg bør du som normalt ringe teleoperatøren din å sperre SIM-kortet. Når et SIM-kort er sperra vil BankID på mobil og automatisk bli sperra.
Eg får feilmelding når eg prøver å bestille BankID på mobil, kva gjer eg?
Får du feilmelding som seier at mobiltelefonen ikkje støtter BankID på mobil må du sjekke med mobiloperatøren din om du må ha nytt SIM-kort.
Viss dette er på plass, prøv følgende:
- Restart telefonen og prøv ein gong til.
- Skru av tastelås eller sett denne på eit lenger tidsintervall. Prøv å bestille på nytt.
- Sjekk om det ligg oppdateringar på telefonen og installer desse. Prøv å bestill på nytt.
- Ta ut SIM-kortet på telefonen, sett det inn igjen og prøv å bestille på nytt.
Kva er signering med BankID på mobil?
Det er i praksis det same som signering med BankID. Du kan signere enkle avtalar, dokumenter og kontraktar med BankID på mobil, og du kan signere når du handlar varer og tjenester på nett.
Du brukar det same som når du loggar inn i nettbanken din; fødselsdato, mobilnummeret ditt og din egenvalgte ID-PIN (4-8 siffer).
Kva er skilnaden på kodebrikke, BankID, BankID på mobil, BankID-app og Mobilbank?
Kodebrikke får du når du opprettar nettbank i Etne Sparebank. Med den kan du logge inn i nettbanken – og i nettbanken kan du bestille BankID og BankID på mobil.
Bankar, offentlege tenester og andre organisasjonar i Norge nyttar seg av ulike sikkerheitsløsningar for innlogging, identifisering og signering på nett. Men kva er eigentleg skilnaden på dei ulike løsningane?
Dette er kodebrikke
Ei kodebrikke er ei fysisk brikke som genererer eingongskodar, og som nyttes for å identifisere deg på nettet. Når du skaffar deg nettbank hjå oss, vil du motta ei kodebrikke og eit passord som du endrar til ditt eige personlege passord første gong du loggar inn.
Når du loggar deg inn i nettbanken, gjere du det med eingongskode frå kodebrikka saman med ditt personlege passord. Kodebrikka generer en eingongskode som stadig endres. Kodebrikka utstedes kun av bankar i Norge, og du treng denne for å bestille deg BankID og BankID på mobil. Du må likevel ikkje kaste kodebrikka sjølv om du tar i bruk BankID på mobil, mobilbank eller BankID-appen.
Du bestiller ei ny kodebrikke ved å sende oss ei melding når du er innlogga i nettbanken/mobilbanken, eller ved å ringe oss på telefon 53 77 15 00
Dette er BankID
BankID er ein personleg og enkel elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på nettet. I den fysiske verda identifiserer du deg med pass, førarkort eller bankkort. I den elektroniske verda kan du bruke din BankID for å bekrefte kven du er. I den fysiske verda bruker du kulepenn når du skriv under ein kontrakt. I den elektroniske verda vil du kunna bruke din BankID til å signere dokument og meldingar elektronisk. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein håndskreven signatur på papir.
Du bestiller BankID i nettbanken, og kodebrikka med eingongskode brukast alltid saman med BankID. Merk deg at det passordet du lagar til BankID er lett å blande med pålogging utan BankID – så tenk smart og tenk sikkerheit når du lagar passord.
BankID utstedast hjå oss og kan bestillast i nettbanken. Du brukar den fysiske kodebrikka saman med BankID-passordet ditt når du loggar inn med BankID.
Dette er BankID på mobil
BankID på mobil fungerer på same måte som BankID, men du treng ikkje kodebrikka. Du treng kun mobiltelefon og ein personleg PIN-kode, då BankID på mobil lagrar informasjonen på ditt SIM-kort. Når du loggar inn i nettbanken med BankID på mobil, får du opp eit par referanseord på nettsida som skal stemme overens med det som blir vist på mobiltelefonen din. Dersom dette stemmer, godtar du og tastar inn koden du har laga. Signering av lange dokumenter som PDF-er og liknande kan og gjerast med BankID på mobil i kodebrikke-steget, men då må du i tillegg ha BankID-passordet.
Les mer om BankId på mobil her
Du bestiller BankID på mobil i nettbanken din og dermed har du alltid med deg eit alternativ til kodebrikka når du skal logge inn i banken eller handle på nett. Sikkert og enkelt. Du må likevel ikkje kaste den då du treng kodebrikka i tilfelle du må bestille deg ny BankID på mobil eller om du skal signere dokument med vanleg BankID.
Dette er BankID-app
BankID-app er ei digital kodebrikke som blir brukt i staden for den fysiske kodebrikka, når du skal logge inn eller signere med BankID. I staden for å taste inn eingongskode, mottar du heller eit varsel på mobilen din som ber deg om å godkjenne i appen. Når du har gjort dette går du tilbake til nettsida for å fullføre identifiseringa med ditt personlege passord. Appen er like trygg som en fysisk kodebrikka, men er gratis og mykje enklare og bruke.
Les meir om BankID-appen her
BankID-app får du ved å lasta ned appen i App Store eller Google Play, og aktivera den med BankID eller BankID på mobil.
Mobilbank
Mobilbank er enkelt og greit ein app som du kan laste ned på telefonen og dermed få ein mobilversjon av nettbanken. Navnet mobilbank kan nok lett forveksles med BankID på mobil, men er altså ikkje det sama. Med mobilbanken har du tilgang til dei aller fleste funksjonane i nettbanken – rett fra mobiltelefonen.
Mobilbank får du ved å laste ned appen via AppStore eller Google Play til smarttelefonen din. Du loggar deg inn med sjølvvalgt 4-siffra kode, eller med TouchID/FaceID dersom telefonen din støttar dette.
Eg har fleire spørsmål enn det eg finn her?
Sjå fleire spørsmål og svar for BankID på mobil hjå BankID Norge.
BankID in English
BankID is a personal and simple electronic proof of identity for secure identification and signing online.
For more information www.bankid.no