Gå til sideinnhold

Ofte stilte spørsmål om AvtaleGiro

Kva er avtalegiro?

Med avtalegiro inngår du ein avtale med bedrifta du handlar med at rekningane skal trekkes automatisk frå kontoen din på forfallsdato. Du kan sjølv velge om du vil ha varsel i posten eller ikkje.

Korleis opprettar eg avtalegiro?
  • Tilbud i nettbanken – Når du betalar ei rekning til ei bedrift som tilbyr betaling med AvtaleGiro, vil du finne det under ¨Forslag til avtalar¨ under ¨Betaling/overføring¨  Ved å akseptere tilbudet blir avtalen oppretta. Det kan ta nokre veker før avtalen trer i kraft og rekningar du mottar i posten i mellomtida må betales som normalt.
  • Ny avtale – Du kan legge opp heilt ny avtale i nettbanken din, du må då ha kontonummer og kid-nummer til mottakar.
  • Tilbud i posten– Du kan oppleve at bedrifter du betalar rekningar til, sender deg tilbud om AvtaleGiro i posten. Fyll ut svarkupongen og send den i retur.
Kva meiner ein med beløpsgrense?

Beløpsgrense er maksimumsbeløpet du tillet å bli trekt frå din konto med AvtaleGiro til den spesifikke mottakaren.

Betalingar som overstig denne beløpsgrensa vil bli stoppa. Du vil sjå det under ¨Viktige meldingar¨ når du loggar inn i nettbanken.

Tips! Det kan vera lurt å sette denne beløpsgrensa høgare enn normalt fakturabeløp, dersom du opplever at rekningane blir stoppa og at du får purringar .

Beløpsgrensa kan du sjølv endre i nettbanken:

  • Gå inn i Meny
  • ¨Betalingsavtalar¨
  • Velg «Oversikt faste avtalar», velg blyantikonet. Her kan du bestemme maksbeløp per månad og per transaksjon
Får eg varsel i forkant av ei betaling?

Du kan sjølv velge om du ønsker varsel i forkant av betalinga når du oppretter AvtaleGiro.

Kan eg stoppe ei betaling eller avslutte ein AvtaleGiro- avtale?

Ja, slik stoppar du ei betaling:

  • Gå på Meny
  • Betaling
  • Forfallsoversikt
  • Velg  kryss ved sida av gjeldande betaling. Då vil denne eine betalinga til mottakar bli stoppa. Framtidige AvtaleGiroer vil gå som normalt.

For å avslutta AvtaleGiro-avtalen i nettbanken velg:

  • Meny
  • Betalingsavtaler
  • Oversikt faste avtalar
  • Velg søppelbøtte-ikonet for å slette avtalen. Mottakar får melding via Nets om at avtalen er opphøyrt.

Når ein avtale om AvtaleGiro blir sletta vil og tilhøyrande forfall i forfallsregistrert bli sletta.

Kan eg unngå fakturagebyr?

Hjå dei fleste bedrifter kan ein unngå fakturagebyr på AvtaleGiro ved å velge at ein ikkje skal få tilsendt varsel om trekk på forkant av trekket. Husk at du vil uansett kunne sjekke at rekningane er betalt i nettbanken eller på den månadlege kontoutskrifta di.  Det finnes likevel bedrifter kor du ikkje kan velge at du ikkje ønsker varsel. I desse tilfellene er det kun ved bruk av eFaktura at du kan sleppe fakturagebyr.

Kvifor virkar ikkje AvtaleGiroen?

Sjølv om det varierer fra bedrift til bedrift pleier me å sei at det alltid tar minst ein månad før AvtaleGiro trer i kraft. Du må dirfor betale rekningane så lenge du får dei i posten. Men spør oss gjerne om å sjekke status på avtalen om du syns det tar for lang tid.