Gå til sideinnhold

Om oss

Etne Sparebank er og har alltid vore ein sjølvstendig bank. Banken blei etablert i 1860 og har på svært mange måtar vore ein viktig del av historia til Etne og alle som har budd og som bur her.

Julebilde banken

Du finn banken midt i Etne sentrum og her jobbar 15 engasjerte og serviceinnstilte tilsette. Gjennom våre produktselskap er me eit komplett finanshus for alle våre person- og bedriftskunder.

I strategiplanen til banken står det: ”Etne Sparebank skal vera ein solid, stabil og konkurransedyktig medspelar i lokalsamfunnet”.

Som sparebank gjev Etne Sparebank kvart år ein del av overskotet attende til bygda, mellom anna gjennom sponsoravtalar og i form av gåver til ålmennyttige føremål.

K2A8503--Kopi

«Etne Sparebank er tilpassa kundar i alle aldrar, og i alle livsfasar..
– med heile vegen»

Rune Ramsvik, banksjef

Samarbeidspartnarar

Etne Sparebank har gjennom DSS-bankane et nært samarbeid med 8 andre frittstående sparebankar i landet, mellom andre med Skudenes & Aakra Sparebank og Haugesund Sparebank lokalt.

Etne Sparebank er medeigar i desse produktselskapa: