Etne Sparebank - med heile vegen
Historie
Etne Sparebank har ei lang historie. Planen for Etne Sparebank vart stadfesta ved kgl. res. 18.april 1860. Banken feira 150 års jubileum i 2010. I 1860 vart det valt inn bønder frå dei ulike sokn i Etne til styret. Ein skulelærar/klokkar vart tilsett som kasserar. Etter kvart fekk banken vera med på å gjera det lettare for næringslivet og dermed skape framgang i bygda. Banken har på svært mange måtar vore ein viktig del av historia til Etne og alle som har budd og som bur der. Eit av føremåla til banken er å gi ålmennyttige gåver. Først og fremst gjennom direkte kronebidrag til ulike lag og forreningar i kommunen.
Strategiplan
Etne Sparebank har alltid vore ein sjølvstendig bank. I strategiplanen til banken står det: ”Etne Sparebank skal vera ein solid, stabil og konkurransedyktig medspelar i lokalsamfunnet”.
Forretningsområde
Etne Sparebank sitt forretningsområde er bank, finans, leasing og eiendomsmekling. Me er medeigar i Heimdalfondene, Frende Forsikring, Norne Securities og Verd Boligkreditt. Etne Sparebank tilbyr sal og kjøp av eigedom i samarbeidar med Eiendomsmeglar A.
Etne Sparebank har sitt primære marknadsområde i Etne kommune, men også mange personkundar rundt om i landet har eit praktisk og godt samarbeid med banken. Om du flyttar frå Etne treng du ikkje byte bank, men framleis halde kontakten ved hjelp av teknologi.
Banken og lokalsamfunnet
Som sparebank gjev Etne Sparebank kvart år ein del av overskotet attende til bygda, mellom anna gjennom sponsoravtalar og i form av gåver til ålmennyttige føremål.
Banken har utbetalt ca 1.5 millionar kroner per år i gåver til ålmennyttige føremål og sponsorstøtte til lag og foreningar dei seinare åra.
Me er glade for alle som bidreg til å gjera bygdene våre til ein god stad å bu.
Det finst mange flotte eldsjeler som brukar utallige dugnadstimar på frivillig arbeid i lag og organisasjonar.
Etne Sparebank ønsker å hjelpe til med økonomisk støtte. Gjennom vårt gåvefond SPIRA kan du søke om midlar.
Her kan du gå inn og lese meir om og søke om støtte i gåvefondet SPIRA.
Etne Sparebank er medeigar i ei rekkje andre produktselskap:
- Frende Forsikring
- Brage Finans (leasing)
- Norne (aksjehandel på nett)
- Verd Boligkreditt
- Eiendomsmegler A
- Heimdalfondene