Gå til sideinnhold

PSD2 og Open Banking

Kva er Open Banking?

Open Banking gjer det mogeleg for ein tredjepartsleverandør, i form av ei nettside, nettbank, app med meir å kunna få tilgang til bankdata gjennom opne API. På bakgrunn av dataene kan eit selskap, som ikkje nødvendigvis er bank, utvikla og levera nye applikasjonar og tenester.

Eit resultat av Open Banking er at kundar, uavhengig av kva bank dei nyttar, får større valmogelegheiter rundt val av applikasjonar og løysingar innan bank og finans.

PSD2-APIa er dei første som vert gjort tilgjengeleg hjå oss. Desse gjer det til dømes mogeleg å kunna visa kontoinformasjon frå andre bankar i den nettbanken du er i.

Kva er PSD2?

PSD2, eller betalingstenestedirektivet, er EU sitt direktiv som regulerer betalingstenester i EU sin indre marknad. Sidan Noreg er medlem av EØS, omfattar dette også Noreg.

Kva betyr PSD2 og Open Banking for meg?

Det vert mogeleg å samla all kontoinformasjon om betalingskontoar på kun ein stad, på tvers av bankar. Dette vil gjera det enklare for deg som forbrukar å halda oversikt over eigen økonomi. På sikt vil det også verta enklare og billigare å gjennomføra betalingar utan å bruka bankkort. I tillegg vil tryggleiken og forbrukarrettane verta tekne hand om på ein god måte, også på tvers av landegrensene.

Kva er eit API?

API er ei forkorting for «Application Program Interface», og er eit programvaregrensesnitt som gjer det mogeleg for ulike applikasjonar å kommunisera med kvarandre. Svært forenkla kan eit API forklarast som ein strukturert måte å overføra data frå ein stad til ein annan. Eit ope API betyr at eit selskap gjer deler av sine data tilgjengeleg for andre.

Er du utviklar og ynskjer tilgang til APIa?

For å læra meir om APIa kan utviklarar besøkja banken sin Open Banking Portal.

Registrering av tredjepart som ynskjer tilgang til banken sine API må inntil vidare skje manuelt. For at ein tredjepart skal kunna ta i bruk APIa, må det føreliggja PSD2-konsesjon og gyldig eIDAS-sertifikat.

Ta kontakt på [email protected] for meir informasjon.

SLA-statistikk

Gi oss tilbakemelding