Våre betalingstenester gir deg moglegheit til å ordne det meste
Nettbedrift
Nettbedrift er meir enn ein nettbank. Løysinga kan integrerast med eksisterande løns-, økonomi- og kontoavstemingssystem, og er eit godt hjelpemiddel for å styra bedrifta sin likviditet på ein effektiv og lønsam måte
Fordeler med Nettbank Bedrift
- Enkelt å lagra og henta detaljert informasjon om betalingar og mottakarar
- Kompatibelt med OCR, Avtalegiro, Autogiro, Cremul og bankavstemming
- Kan integrerast med alle løns-, økonomi- og bankavstemmingssystem
- Sikkerheita er ivareteken med sikre og graderte brukartilgangar
- Fungerer frå utanlandske kontoar
- Funksjonalitet for valutakonti
- Uavgrensa antal brukarar per avtale
For meir informasjon kontakt dykkar rådgjevar i banken.
Kort
Me tilbyr desse typane kort for bedrift:
Avtalegiro bedrift
AvtaleGiro passar godt for bedrifter med kundar som regelmessig betalar inn faste eller varierande beløp.
Avtalegiro passer for:
- Små og store bedrifter med fast kundemasse og som mottar regelmessige innbetalingar frå privatpersonar
- Spesielt egnet for bedrifter med mange kunder og/eller høg innbetalingsfrekvens til dømes: barnehagar, burettslag, aviser, nettleverandørar osv.
Fordelar med avtalegiro:
- Fordringar betalt til rett tid
- Færre purringar – sparte kostnadar
- Lågare tap på uteståande fordringar
- Korrekt og rask oppdatering av reskontro
- Betre oversikt og likviditetsstyring
- Kundeidentifikasjon (KID) følgjer alltid transaksjonen
For å kunna ta i bruk AvtaleGiro, må bedrifta inngå ein avtale med banken. Når dette er gjordt, kan bedrifta tilby kundane sine moglegheita til å betala rekningane sine gjennom AvtaleGiro.
Dette sikrar dei ei trygg, praktisk og økonomisk betalingsteneste. Når transaksjonane er gjennomført, får bedrifta overført konteringsdata frå banken.
Bedrifta kan sjølve stoppa eller utsetja ei rekningsbetaling.
Betalingsterminal
Å tilby betaling med kort gjennom ein betalingsterminal er eit glimrande verkemiddel for å auke omsetninga og service-grada for kundane dine.
Betalingsterminal passar for:
- Alle bedrifter, lag, foreningar og arrangement
Fordelar med betalingsterminal:
- Auka omsetning
- Mindre kontakthandtering – betaling rett inn på konto
- Moglegheit for å kjøpa eller leiga terminal
Me kan ved hjelp av vår samarbeidspartnar, Nets, skreddarsy ei løysing som passar for di bedrift. Ta kontakt med din kunderådgjevar i Etne Sparebank for bestilling.
OCR
Ved bruk av OCR-giro sender bedrifta ein faktura med ferdig utfylt kundeidentifikasjon (KID) til kundane.
Når KID vert nytta ved innbetaling får bedrifta ein spesifikasjon av innbetalinga på fil (OCR-fil) for automatisk oppdatering av reskontroen. Bedrifta slepp då manuell registrering av innbetalinga.
OCR giro passar for
- Alle bedrifter med eit visst volum av månadlege innbetalingar
Fordelar ved bruk av OCR giro
- Bedre kontroll over uteståande fordringar
- Forenkla bankavstemming
- Betre purrerutinar
- Oppdatering av kundereskontroen så ofte bedrifta ønskjer
- Dei fleste økonomisystemer er tilrettelagt for produktet
Direkte remittering
Direkte remittering er ei elektronisk rekningsbetalingsteneste for bedrifter. Bedrifta registrerar inngåande fakturaer i reknskapssystemet, og føretar lønnsutbetalingar.
Alle betalingstransaksjonane blir så sende til Nets over linje. Betalingstransaksjonane blir lagt på eit venteregister fram til forfallsdato, maksimum 1 år. Konteringsdata for dei utførte transaksjonane blir sende til kunden, slik at reskontroen kan oppdateras automatisk.
Alle bedrifter som har elektronisk baserte regnskapsrutinar kan bruka direkte remittering for lønns- og bedriftsbetalingar.
Betaling utland
I nettbanken finn du eit eige val for betaling til utlandet under «Betaling». Dette er den enklaste og rimeligaste måten å betale til utlandet på. Du kan elles kontakta oss i banken for å foreta betaling til utlandet.
For å utføra betalinga treng ein desse opplysningane:
- Valutasort og beløp
- Mottakar sitt kontonummer (IBAN ved betalinger i Europa)
- Navn og adresse på betalingsmottakar
- Mottakarbanken sin BIC/SWIFT eller bankkode
- Mottakars bankforbindelse (banknavn og adresse)
- Kva overføringa gjeld
Hastebetalingar
Dette er betalingar som skal fort fram til mottakar. Dei vert behandla manuelt og kostar derfor meir. Den vanligaste måten for belastning av kostnadar ved utenlandsoverføring er at oppdragsgivar betalar kostnadar i Noreg, medan mottakar betalar kostnadar i utlandet.
Vipps for bedrift
Med Vipps kan bedrifta, laget eller organisasjonen tilby raske og enkle betalingsløysingar til kundane og medlemmene. Eit godt alternativ til kort og kontantar, og bedrifta eller laget får pengar rett inn på konto.