Med avtalegiro inngår du ein avtale med bedrifta du handlar med at rekningane skal trekkes automatisk frå kontoen din på forfallsdato. Du kan sjølv velge om du vil ha varsel i posten eller ikkje.
- Tilbud i nettbanken – Når du betalar ei rekning til ei bedrift som tilbyr betaling med AvtaleGiro, vil du finne det under ¨Forslag til avtalar¨ under ¨Betaling/overføring¨ Ved å akseptere tilbudet blir avtalen oppretta. Det kan ta nokre veker før avtalen trer i kraft og rekningar du mottar i posten i mellomtida må betales som normalt.
- På bedrifta si nettside – Fleire av bedriftene som tilbyr betaling med AvtaleGiro har tilrettelagt for at du skal kunne opprette AvtaleGiro på deira eigne nettsider. Gå inn på nettsida, finn fram til AvtaleGiro og opprett avtale med BankID.
- Tilbud i posten– Du kan oppleve at bedrifter du betalar rekningar til, sender deg tilbud om AvtaleGiro i posten. Fyll ut svarkupongen og send den i retur.
- Kontakt banken – Kontakt kundeservice i banken eller gå innom banken for å opprette ein avtale.
Beløpsgrense er maksimumsbeløpet du tillet å bli trekt frå din konto med AvtaleGiro til den spesifikke mottakaren.
Betalingar som overstig denne beløpsgrensa vil bli stoppa. Du vil sjå det under ¨Viktige meldingar¨ når du loggar inn i nettbanken.
Tips! Det kan vera lurt å sette denne beløpsgrensa høgare enn normalt fakturabeløp, dersom du opplever at rekningane blir stoppa og at du får purringar .
Beløpsgrensa kan du sjølv endre i nettbanken:
- Gå inn i Meny
- ¨Betalingsavtalar¨
- Velg «Oversikt faste avtalar», velg blyantikonet. Her kan du bestemme maksbeløp per månad og per transaksjon
Du kan sjølv velge om du ønsker varsel i forkant av betalinga når du oppretter AvtaleGiro.
Ja, slik stoppar du ei betaling:
- Gå på Meny
- Betaling
- Forfallsoversikt
- Velg kryss ved sida av gjeldande betaling. Då vil denne eine betalinga til mottakar bli stoppa. Framtidige AvtaleGiroer vil gå som normalt.
For å avslutta AvtaleGiro-avtalen i nettbanken velg:
- Meny
- Betalingsavtaler
- Oversikt faste avtalar
- Velg søppelbøtte-ikonet for å slette avtalen. Mottakar får melding via Nets om at avtalen er opphøyrt.
Når ein avtale om AvtaleGiro blir sletta vil og tilhøyrande forfall i forfallsregistrert bli sletta.
Hjå dei fleste bedrifter kan ein unngå fakturagebyr på AvtaleGiro ved å velge at ein ikkje skal få tilsendt varsel om trekk på forkant av trekket. Husk at du vil uansett kunne sjekke at rekningane er betalt i nettbanken eller på den månadlege kontoutskrifta di. Det finnes likevel bedrifter kor du ikkje kan velge at du ikkje ønsker varsel. I desse tilfellene er det kun ved bruk av eFaktura at du kan sleppe fakturagebyr.
Sjølv om det varierer fra bedrift til bedrift pleier me å sei at det alltid tar minst ein månad før AvtaleGiro trer i kraft. Du må dirfor betale rekningane så lenge du får dei i posten. Men spør oss gjerne om å sjekke status på avtalen om du syns det tar for lang tid.