Bli ny kunde
Du er velkommen til å bli kunde hjå oss.
Ta kontakt med oss så hjelper me deg.
Her får du ei oversikt over kontoar me kan tilby deg:
Personkonto
Ungdom
Som ung i Etne Sparebank ønsker me å gi deg spesielle fordelar. Kanskje er du skuleelev/student, ny i arbeidslivet, på bustadjakt eller i liknande fasar. Her hjå oss skal du vite at du får ekstra god rente på sparepengane dine, gunstig utlånsrente, lågare avgifter på betalingskort og gåve ved oppretting av BSU konto og ved bestått førarkort. Ein god start på din privatøkonomi er gull verdt.
Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss!
Ta Økonomilappen
Dette er ei nyttig nettside for deg som er ung og har spørsmål om eigen økonomi. Her får du råd om korleis du bør spare, lage budsjett, forbrukarrettighetar, kalkulatorar og så vidare.
Du kan og ta Økonomilappen for å teste dine kunnskapar og å lære meir.
Nettsida er utvikla av Finans Norge og Forbrukerombudet.
Konfirmasjonsgåve
Når du er konfirmant og kunde i Etne Sparebank får du ei gåve frå oss. 500 kroner blir sett inn på kontoen din 🙂 For at me skal få med oss at du er konfirmant, kan du fylle ut dette skjemaet.
Ungdomskonto
Ungdomskonto er ein brukskonto som du kan knyte betalingskort og nettbank til. Ansvar for eigen økonomi krev planlegging. Pengane skal strekkje til, og helst
skal det sparast litt. Etne Sparebank tilbyr deg mellom 13 og 25 år ein spesiell konto. Til denne kontoen kan det knytast ulike produkt og tenester med gunstige vilkår.
Betalingskort
Fram til du er 18 år er det kortet som heiter Visa Online 13-18 du kan bruke. Frå du er 15 år kan du og få eit kort som heiter Visa Online 15-18 med netthandel. Når du er blitt 18 kan du få Visa Online 18+ , Visa CL eller MasterCard Gold.
Kongekonto
Kongekonto er sparekontoen for deg mellom 13 og 25 år. Den gjev deg gunstige rentevilkår. Det å setje av litt pengar på eigen sparekonto kan vera greitt. Då har du litt ekstra den dagen du treng det, og ofte har ein og eit konkret mål å spare mot.

"Me ønsker å gi deg som er ung ekstra fordelar"
- Aud Laila Lunde Frøland
Bustadsparing for ungdom- BSU
BSU er det beste sparetilbudet me har til deg under 34 år. Du kan spare inntil
25.000 kroner i året og 300.000 kroner totalt. Du får ei god rente på pengane dine, og du får opp til 5.000 kroner i skattefrådrag.
Fordelar:
- Det beste sparetilbudet for deg under 34 år.
- God rente på sparepengane.
- Du treng ikkje spare eit fast beløp, men det er ein fordel å ha fast trekk frå ungdomskontoen din for eksempel på datoen du får inn lønn.
- 20% skattefrådrag på årets innskudd. Sparer du maks beløp vil det sei 5000 kroner i skattefrådrag kvart år.
- Ved regelmessig sparing i BSU kvalifiserer du for gode lånevilkår med
Førsteheimslån. Dette er eit tilpassa lån for nyetablerarar som gjev deg beste lånevilkår i ein livsfase du treng det mest - Det er ein fordel å ha skattbar inntekt for full utnytting av
sparetilbodet
Nokre BSU-reglar
- Maks sparesum er kr 25.000,- per år
- Maks spart beløp totalt er kr 300.000,-
- Kan spare fram til og med det året du fyller 33 år
- Uttak må knytast opp mot kjøp av bustad eller til nedbetaling av lån på ein bustad du har kjøpt
Gåve frå oss
Du får ei gåve frå Etne Sparebank på 500 kroner til BSU kontoen din ved opning. Ta kontakt med oss, så set me gåva inn på kontoen din, [email protected] / tlf 53 77 15 00
Førsteheimslån
Skal du kjøpa bustad for aller første gong? Me vil gje deg ein god start som
bustadeigar. Me hjelper deg med informasjon og tips ved dei viktige vala i
etableringsfasen, slik at du kan leva godt i din første bustad.
Dette er Førsteheimslån:
- – Gunstig lån for deg som skal kjøpa din første bustad.
- – Du kan låna inntil 85% av kjøpesummen.
- – Du får låna til den lågaste renta i banken.
- – Gode råd og hjelp frå kunderådgjevarar som kan rekne ut låneevne, budsjett etc.
Førarkort
Har du planar om å ta lappen? Eller har du eit flunkande nytt i lomma? Som kunde får du då ei gåve frå oss, 500 kroner inn på kontoen din. Kom innom oss med det nyerverva førarkortet, eller send ein kopi til oss, så får du gåva.
Digg
Digg er ein brukskonto for deg mellom 10 og 13 år.
- Til denne kontoen kan det knytast bankkort.
- Bankkortet heiter Visa Online 10-13.
- Kan brukast til varekjøp i Norge og utlandet.
- Minibankuttak i Norge og utlandet.
- Alltid online dekningskontroll.
- Du kan ikkje bruka meir enn disponibelt beløp på kontoen.
- Kan ikkje brukast til netthandel
Kontoen og kortet bestiller du i banken saman med foreldre/ foresatte 🙂
Servicekonto
Du kan opprette denne kontoen i nettbanken din under «produktbestilling».
Det kan vere praktisk å ha ein konto utanom Personkonto. Til dømes setje av pengar til faste utgifter som avdrag på bustadlån, studielån, billån, straum og husleige.
Du kan òg knytte desse tenestene til din Servicekonto:
- NettBank, MobilBank, og TeleBank.
- AvtaleGiro, eFaktura
Depositumskonto
Ved utleige av bolig er det vanleg at leigetakar og utleigar opprettar ein depositumskonto saman. Eit depositum blir betalt inn på kontoen som sikkerhet for leigeforholdet. Kontoen er sperra for uttak inntil depositumet skal frigjerast ved slutting av leigeforhold.
Både leigetakar og utleigar må vera registrert som kunde (eller bli det) i Etne Sparebank.
Depositumskonto blir bestilt av utleigar (privatperson) i eigen privat nettbank, men blir oppretta i leigetakaren sitt navn. Kontoen er synleg både i utleigar og leigetakaren sin nettbank. Begge partar nyttar BankID til å signere avtalen.
Er det eit firma som er utleigar, må ein kontakte banken for å bestille depositumskonto. Signert leigekontrakt må sendast til banken.
Slik bestiller du depositumskonto i nettbanken:
Utleigar bestiller
- Velg «Meny» og «Opprette konto» under «Konto og kort» i nettbanken.
- Fyll inn informasjon i skjema og signer med BankID
- Etableringsgebyret på kr 275,- vil automatisk bli trekt frå belastningskontoen du oppgir.
( utleigar betalar)
Dette treng du å ha klart før depositumskonto blir bestilt:
- Kopi av leigekontrakt i pdf
- Adresse til utleigeenheten
- Navn, fødsels- og personnummer, e-post og telefonnummer til leigetakar
Leigetakar mottar varsel på SMS og e-post med lenke til signeringsprosessen for depositumskontoen. Leigetakar loggar inn med BankID, bekreftar at avtalen er lest og forstått og signerer avtalen.
Depositumskonto blir nå oppretta og tilgjengeleg i leigetakar og utleigar sin nettbank i Etne Sparebank. Kontoen vil stå i minus til leigetakar har overført det avtalte depositumsbeløpet til kontoen.
Reglar for depositumskonto
Depositumsbeløpet kan ikkje overstige seks månaders husleige. Leietakar eig kontoen og får rentene, medan utleigar kan sjå kontoen i sin nettbank. Kontoen er sperra slik at verken leigetakar eller utleigar kan ta ut pengane utan samtykke frå den andre. Leigetakar må vera over 18 år.
Avslutning av depositumskonto
Når leigeforholdet opphøyrer, frigir utleigar depositumskontoen. Dette kan bli gjordt ved at utleigar sender mail til banken om heile eller deler av beløpet skal utbetales til leigetakar. Leigetakar sender og mail til banken om kva konto beløpet skal førast inn på.
Er du bedriftskunde kan du lesa meir om våre tenester her
Husk å forsikre tinga dine
Ofte eig du meir enn kva du trur. Tenk på alle møbler, klær og andre eigedelar du har.
Gå til Innboforsikring.