Bustadlån
Skal du kjøpe ny bustad eller pusse opp? Ta kontakt med oss! Me tilbyr fast rådgjevar som vil hjelpe deg.
Finn fram sjølvmeldinga frå siste året, siste månads lønnsslipp og verdivurdering av bustaden når du skal søke om lån.
Du får:
- Lån mot pant i alle typar bustadar
- Beste rente på lånet inntil 60% av kjøpesummen
- Mulighet for fast rente på heile eller deler av lånet
- Fast rådgjevar som er tilgjengeleg for deg
Førsteheimslån
Du som skal kjøpa bustad for aller første gong, skal ha ein god start som bustadeigar. Me hjelper deg med informasjon og tips ved dei viktige vala i etableringsfasen, slik at du kan leva godt i din første bustad.
Dette er førsteheimslån:
– Gunstig lån for deg som skal kjøpa din første bustad.
– Du kan låna inntil 85% av kjøpesummen. Kor mykje du får låna er avhengig av kva inntekt du har og kor mykje du har i lån frå før.
– Du får låna til den lågaste renta i banken.
– Gode råd og hjelp frå kunderådgjevarar som kan rekne ut låneevne, budsjett etc.
Du må ha 15 % egenkapital. Dette kan du ha spart sjølv eller du kan få hjelp av andre.
Eksempel: Du vil kjøpe ein bustad til 2 millioner kroner. Du må då ha 300.000 kroner i egenkapital.
Visning og budrunde
Går du i kjøpetankar og har lyst til å legge inn bud er det lurt å snakke med banken først. Saman blir me enige om kor høgt bud du kan legge inn.
Før du har innflyttingsfesten – husk å forsikre bustad og innbo.
Ta kontakt med ein av våre rådgjevarar så vil me hjelpa deg med å sette opp eit lån du kan leve godt med.
Grønt bustadlån
I Etne Sparebank er me opptekne av miljøet, og me tilbyr nå grønt lån med gunstig rente til deg som har nyare hus i energiklasse A eller B.
Energiklasse A og B
A: Bustaden har varmepumpe eller solenergi, i tillegg til betre isolasjon og vinduer. Passivhus vil få A.
B: Bustaden har varmepumpe eller solenergi og/eller betre isolasjon og vinduer enn krava i byggeforskriftene. I tillegg til oppvarming og isolasjon vil type bustad, byggeår og bruksareal påvirke energiklassen.
Dokumentasjon: Takst, kjøpekontrakt eller energiattest
Ta kontakt med oss for ein prat om dette!
Bustadkreditt
Du kan låne inntil 60% av verdien på bustaden din. Pengane kan du bruke til kva du vil, når du vil.
Lett tilgjengeleg
Når du har bustadkreditt treng du ikkje å søke om nytt lån når du skal kjøpe ny bil, byte kjøkken og så vidare.
Har du ein bustad med verdi 3.000.000 kan du få ei låneramme på 1.800.000. Dersom du har ei restgjeld på bustaden på 800.000, kan du bruke 1.000.000 til det du vil.
Dette er bustadkreditt:
- Du får ei låneramme på inntil 60 prosent av verdien på bustaden din
- Du kan fritt bruke låneramma til det du vil, utan å søke om nytt lån
- Du fører over pengane du teng frå flexilånet via Nettbank eller MobilBank
- Du betaler ingen ekstra omkostningar når du brukar av lånet
- Du betaler berre rente for den delen du har brukt av lånet
Billån/ caravanlån
Me tilbyr gunstig billån, anten til ny eller brukt bil, gjennom vårt deleigde finansieringsselskap Brage Finans. Med lån gjennom Brage Finans tar me salgspant i kjøretøyet som sikkerhet for lånet, slik at du slepp å stille ytterlegare sikkerhet.
Når du klikkar på knappen «Søk om lån» går du vidare til vårt deleigde finansieringsselskap Brage Finans for å fullføre søknaden din.
Forsikring
- Ansvarsforsikring er ei obligatorisk bilforsikring når bilen er registrert.
- Delkasko er ei forsikring som kan vera aktuell for ein gamal bil.
- Alle som har ny bil eller bil med høg verdi bør ha full kasko.
Meir om våre forsikringstilbod.
Båtlån
Dersom du har bruk for båtlån tilbyr me det gjennom vår samarbeidspartnar Brage Finans.
- Inntil 80 % finansiering
- Inntil 15 års nedbetaling
- Kun båten som trygd for lånet
- Konkurransedyktige vilkår
- Rask handsaming
- Finansiering av båt kjøpt både privat eller via forhandlar
"Him te Etne" - lånet
Dette er eit bustadlån for deg som flyttar til Etne kommune.
Lånet må nyttast til kjøp eller oppføring av eigen bustad.
Lånet får du med reduksjon på inntil 0,50% rente på ordinære vilkår. Dette gjeld dei 2 første åra av lånet si løpetid.
Du må vera totalkunde i Etne Sparebank, det vil sei ha lønskonto, kort, nettbank, sparing og/eller forsikring i banken.
Fastrentelån
Eit fastrentelån er eit lån der du betalar ei avtalt rente for eit visst tal år. Etne Sparebank har tilbod om 3 års bindingstid. Med fastrentelån veit du kva du skal betala kvar månad, og du treng ikkje bekymra deg for renteoppgang i bindingstida.
Det er viktig å vera klar over at det er spesielle krav knytta til eit fastrentelån. Du kan ikkje utan vidare endre terminsum, hoppe over ein termin eller endra lengda på terminane så lenge renta er bunden.
Overkurs
Ønskjer du å betala ned eit fastrentelån raskare enn avtalt, vil det bli utrekna eventuell overkurs på lånet. Det betyr forenkla at om rentenivået har gått ned sidan du fekk utbetalt lånet ditt, må du betala det banken taper i renteinntekter.
Du kan kombinera fastrentelån og lån med flytande rente. På den måten kan du sikre deg mot verknaden av renteoppgang, samstundes som du dreg nytte av ein rentenedgang.
Me vil hjelpa deg – ta kontakt med ein av våre kunderådgjevarar.

Autorisert finansiell rådgjevar, utlån næring
53 77 15 33 / 920 36 217
Send e-post