Vår tradisjonelle Sparebøssedag med tømming av sparebøsser, utdeling av premiar, kakemenn og pølser blir nok ikkje noko av i år på grunn av koronasituasjonen.
Men me ønsker likevel å ha fokus på barn og sparing. Å motivere barn til å sette av litt pengar jevnt og trutt til noko dei ønsker seg, kan vera ein nytteg lærdom. At me vaksne og har ein spareavtale som går inn på anten fond eller sparekonto til barnet, gir dei ein betre start på voksenlivet.
Digitale sparebøssedagar
Me ønsker å invitere til sparedagar der fokuset er sparing til barn. Me oppfordrar foreldre/ besteforeldre til å sette inn pengar på barna sine sparekontoar, eventuelt opprette spareavtale. Dette kan gjerast via mobil- eller nettbank. Å spare til barna i Heimdalfondene kan og vera eit godt alternativ.
Dersom du har spørsmål om sparing er du velkommen til å kontakte oss
Mats Østenstad,
[email protected]
53 77 15 28 / 915 60 082
Bli med i trekninga av gavekort på kr. 2.000,-
Alle barn som har fått inn sparepengar på kontoen sin, eller som det har blitt åpna spareavtale på i konkurranseperioden, får ein oppmerksomhet fra oss i posten. Det er viktig å registrere barnet i skjemaet nedanfor. I tillegg er dei med i trekning av ein Etne Sparebank ryggsekk som inneheld snop og gavekort, verdi kr. 2.000,-, på Etne Senter.
Konkurransevilkår:
- Sett inn sparepengar/ start spareavtale på barnet
- Fyll ut skjema lenger nede på sida (eit skjema per barn)
- Konkurransen varer til og med 04.12.2020
- Vinnaren blir kontakta. Me legg det og ut på heimesida vår.