Sparing i fond
Er det kort tid til du skal bruke sparepengane dine, 1-4 år, anbefaler me at du sparer på bankkonto eller rentefond. Har du ein sparehorisont på 5-10 år kan aksjefond vera eit godt alternativ.
Heimdalfondene
Etne Sparebank er medeigar i Heimdalfondene. Det skal vera enkelt og forutsigbart å investere i Heimdalfondene. Fonda består av 4 verdipapirfond.
«Fond er smart for deg som skal spare langsiktig. Fond gir deg mulighet for god avkastning. Det er enkelt å starte sparing i Heimdal!»
– Erik Hagerup, fondsforvaltar Heimdal
Her er fonda du kan velge blant
Spareavtale
Med spareavtale vert små beløp fort store
For folk flest er spareavtalar den enklaste måten å spara på. Spareavtalar er faste månadlege trekk frå lønnskonto til ei valt spareform. Med ein spareavtale veit du at sparinga skjer utan at du treng å foreta deg noko kvar månad. Med spareavtalar i fond får du i tillegg den tilleggseffekten at risikoen i sparinga vert redusert fordi du får kjøpt fondsandelar på ulike tidspunkt.