Visa reklamasjon
Dei fleste kortkjøp blir korrekt gjennomført, men det kan vera transaksjonar du ikkje kjenner til eller har godkjent. Det kan og væra at du ikkje har fått varene du har bestilt eller at det er noko feil med dei. Det same kan og gjelda når du ikkje mottar pengane ved minibankuttak i utlandet. Iflg. avtale om betalingskort kan du reklamere på desse transaksjonane ved å kontakte oss på epost.
Vær merksam på:
- Handle raskt – sperr kortet, enten i nettbank/mobilbank eller via sperreteneste – sjå sperring av kort
- Du kan reklamere på alle typar korttransaksjonar, inkludert norske
- Kjenner du til transaksjonen må du alltid prøve å løyse saka direkte med brukarstaden først
- Reklamasjonar på ukjente transaksjoner føretekne med kort og PIN og/eller sikker netthandel (3-D Secure) må meldast politiet.
Vår reklamasjonsbehandling blir ivaretatt av TietoEvry som du kan kontakte på e-post:
Du vil då få tildelt eit saksnummer og ein sikker link for vidare dialog.
Følgande informasjon er ønskeleg at du får med når du henvender deg via e-post:
- Navn på kortholder
- Fire siste siffer på kortnummeret det gjeld (NB! ikkje oppgi fullt kortnummer)
- Kva transaksjonar kortholder reklamerer på (transaksjonsnavn, dato og beløp)
- På kva grunnlag ønsker du å reklamere (er det heilt ukjent transaksjon, eller klagar du på ein transaksjon du vedkjenner deg, men som du opplever problematisk f.eks at du blir trekt for gjentatte ganger)
Obs! Det er viktig å ikkje oppgi fullt kortnummer eller personnummer via e-post.
Evry hentar kun inn den informasjon som er nødvendeg for å kunne gjennomføre ei korrekt sakshandsaming av di klage. Vær merksam på at informasjon som du legg ved saken kan bli oversendt motparten.